Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norsk Kylling betalar attende 4 millionar til kalkunbønder

Norsk Kylling har betalt kalkunbønder for dårleg.

Norsk Kylling på Støren i Trøndelag hadde måndag eit møte med 17 kalkunprodusentar, skriv Adresseavisa.

På møtet fekk produsentane melding om at Norsk Kylling betalar attende 4 millionar kroner til bøndene. Årsaka er at den nye leiinga ved Norsk Kylling har avdekt at slakteriet sidan nyttår har hatt feil innveging av kalkun, der delar av vengane har vorte trekt frå kalkunvekta.

Utan avtale med produsentane

Det har skjedd utan avtale med produsentane, som difor har fått mindre betalt for kalkunane.

Les også: Utenlandske arbeidere jobbet ulovlig på Norsk Kylling

Frode Marthinsen tok i oktober over som ny administrerande direktør i Norsk Kylling. Rema 1000 kjøpte seg i mars i 2011 inn i Norsk Kylling. I juni i år vart daglegvarekjeda eineeigar av kyllingselskapet, og byrja på ein oppryddingsprosess i selskapet som har hatt fleire omstridde saker på seg dei siste åra.

- For oss er det sjølvsagt å føre attende desse 4 millionane uavkorta og umiddelbart. Me snur kvar stein i anlegget, slik me har sagt me skal gjera, og har berre eitt mål: Å ha eit effektivt industriselskap som leverer høgkvalitetsprodukt og skaper trygge arbeidsplassar, seier Marthinsen til Adressa.

Les også: Adecco stevner Norsk Kylling for retten

Marthinsen seier Norsk Kylling endra rutinane i januar, utan at det var attspegla i kontraktane med produsentane.

- Behov for opprydding

Annonse

Norsk Kylling har i mange år hatt hovudleverandøravtale på kylling- og kalkunkjøtt til Rema 1000. I eit intervju med Nationen i september sa Rema 1000-sjef Ole Robert Reitan at Rema 1000 og den førre leiinga ved Norsk Kylling har hatt ulike syn på «ein del vesentlege ting».

- Det Norsk Kylling har drive med tidlegare er slendrian, og slendrian er dyrt. No er leiinga fjerna. For framtida kjem alt til å vera i orden ved Norsk Kylling. Eg er frykteleg lei meg for det som har skjedd, men det handlar ikkje om kostnader. Ein kan ikkje slurve seg til låge kostnader, sa Reitan.

Administrerande direktør Jaan Ivar Semlitsch i Rema Industrier seier til Adressa at Rema 1000 visste det var behov for ei stor opprydding i Norsk Kylling.

- Difor valde me å ta over heile eigarskapet og få på plass eigen leiar. Frode S. Marthinsen har alt gjort ein kjempejobb, noko kalkunsaka syner, som tek vare på Rema 1000 sitt verdigrunnlag "Me held høg forretningsmoral", seier Semlitsch.

Les også: Arbeidstilsynet vurderer å melde Norsk Kylling til politiet

Tidlegare administrerande direktør ved Norsk Kylling, Agnar Østhus, som gjekk av då Rema 1000 vart eineeigar i juni, avviser at Norsk Kylling tidlegare har prøvd å lure kalkunbøndene. Til Adressa seier Østhus at det er vanleg at biprodukt, som venger, tilhøyrer slakteriet, og at bøndene har fått betalt ved at Norsk Kylling ikkje har nedklassifisert kalkunen.

Les også: 50 prosent kylling i trøndersodd frå Norsk Kylling

Leiar i produsentlaget for kalkun for Norsk Kylling, Kai Ove Bjerkenås, seier det ikkje har vore praksis at vengen er eit biprodukt som tilhøyrer slakteriet.

- Praksis har ikkje vore slik på 15 år. Den har Østhus på eiga hand endra i januar, utan å informere oss. Dei kan heller ikkje påstå at me har fått for godt betalt. Dei siste tre åra har me fått same kilopris som produsentar i Nortura-systemet, seier Bjerkenås.

Neste artikkel

Kommunen gløymde å opplyse bøndene om stengd veg: – Ei tapt sak