Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noreg sjette rikast i verda

Noreg er det sjette rikaste landet i verda. Fleire småstatar slår Noreg med god margin.

Her forvaltast pengane: Tradingrommet i Noregs Bank forvaltar Statens pensjonsfond - utland. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Her forvaltast pengane: Tradingrommet i Noregs Bank forvaltar Statens pensjonsfond - utland. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Lista byggjer på tal frå Verdsbanken og Det internasjonale pengefondet (IMF) og rangerer landa etter kjøpekraftjustert bruttonasjonalprodukt (BNP) per innbyggjar. Kjøpekraftjusteringa kompenserer for prisforskjellane landa i mellom for å gi eit betre bilete av leverstandarden, skriv den svenske næringslivsavisa Veckans Affärer.

Også etter Noreg på lista er det vesleputtstatane som rår. Dei sameinte arabiske emirata og Hongkong er nummer sju og åtte føre USA og Sveits.

På dei neste plassane på topp-25-lista følgjer Saudi-Arabia, Bahrain, Nederland, Irland, Australia, Austerrike, Sverige, Tyskland, Taiwan, Canada, Danmark, Oman, Island, Belgia og Frankrike. ©NPK

Verdas rikaste (BNP per innbyggjar):

1. Qatar: SEK 1 187 500

2. Luxembourg: SEK 765 500

3. Singapore: SEK 689 000

4. Brunei: SEK 653 000

5. Kuwait: SEK 582 000

6. Norge: SEK 550 000

7. Foreinte Arabiske Emirat: SEK 546 500

8. Hongkong: SEK 469 000

9. USA: SEK 464 000

10. Sveits: SEK 462 000

11. Saudi-Arabia: SEK 457 500

12. Bahrain: SEK 429 500

Annonse

13. Nederland: SEK 397 000

14. Irland: SEK 396 500

15. Australia: SEK 392 500

16. Austerrike: SEK 381 500

17. Sverige: SEK 377 000

18. Tyskland: SEK 375 500

19. Taiwan: SEK 374 000

20. Canada: SEK 374 000

21. Danmark: SEK 372 500

22. Oman: SEK 365 000

23. Island: SEK 362 500

24. Belgia: SEK 349 000

25. Frankrike: SEK 336 500

Kjelder: Veckans Affärer / Verdsbanken / Det internasjonale Pengefondet

Neste artikkel

Bakrusen i norsk idrett