Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Noreg har hatt eitt år på å finne rett person til EØS-toppjobb i Brussel. Stillinga har no stått tom ein månad

Noreg har overlate leiinga av EFTA-sekretariatet til Sveits og Island. Den siste månaden har stillinga som visegeneralsekretær i EFTA-sekretariatet i Brussel stått tom i påvente av at Noreg skal kome opp med ein person til jobben.

Visegeneralsekretæren i Brussel har ansvar for den daglege drifta av EØS-avtalen, som er den mest omfattande internasjonale avtalen Noreg har inngått.

Fredrik Sejersted, som er professor ved Senter for europarett, seier det er uheldig at Noreg ikkje har fylt stillinga.

- Det er ei svært viktig stilling. Det daglege arbeidet med EØS-avtalen er kanskje teknisk og prega av detaljar og enkeltdirektiv, men det er av stor verdi for Noreg, seier han.

- Er til vurdering

Vanlegvis er det embetspersonar frå Utanriksdepartementet som fyller dei norske stillingane i sekretariatet. Pressevakt Svein Michelsen i departementet seier utnemninga av ein ny norsk visegeneralsekretær er til vurdering i departementet og at det er venta avklaring i løpet av kort tid.

- I mellomtida er norske interesser godt ivareteke i og med at to av tre direktørar i sekretariatet i Brussel er norske, seier han.

Les også: EU-ambassadøren til Norge avviser kravet fra LO om å ta arbeidsliv ut EØS-avtalen

Spørsmål om kvifor det har teke over eitt år å fylle stillinga, får følgjande svar:

- Vi har ein god og grundig prosess.

Er eit frihandelsforbund skipa i 1960. Har i dag dei fire medlemslanda Island, Liechtenstein, Noreg og Sveits, der dei tre fyrste er EØS-medlemmer.

Annonse

Høgre ventar opprydding

Leiinga i EFTA-sekretariatet er sett saman av ein generalsekretær og ein visegeneralsekretær som begge sit i Genève, og ein visegeneralsekretær ved sekretariatet i Brussel. Dei tre stillingane går på rundgang mellom EFTA-landa og vert skifta kvart sjette år.

Les også: EU-tanker fra Dag Seierstad: Etter EØS - hva da?

Fram til 1. september sat den norske diplomaten Kåre Bryn som generalsekretær i EFTA. At han skulle avløysast av islandske Kristinn Arnason var klart då EFTA-ministrane møttest til halvårleg møte i november i fjor.

Det same var den nye sveitsiske visegeneralsekretæren i Genéve. I referatet frå ministermøtet heiter det at Noreg skal innstille ein kandidat til stillinga i Brussel som kjem til å verte utnemnt «på et senere tidspunkt».

Les også: Ine Eriksen Søreide (H): - Ap har neglisjert EØS-debatten i eget parti

Høgre-politikar Nikolai Astrup seier han ventar regjeringa ryddar opp og får ein ny visegeneralsekretær på plass snarleg.

- Det er svært uheldig at ei så sentral stilling i norsk utanriksteneste står tom. Det understrekar endå ein gong at den såkalla aktive europapolitikken til regjeringa har spelt fallitt, seier Astrup, som leier Europa-utvalet til Høgre. Leiar Paal Frisvold i Europarørsla trur den lange tidsbruken for å fylle stillinga skuldast at ingen ønskjer å sitje i leiinga i EFTA-sekretariatet. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen for onsdag 3. oktober.Les også: Frisvold i Europabevegelsen kaller landbruksministeren en skam for Norge

Neste artikkel

Forbi 100-dagersplanen: Slik forbereder Støre neste fase