Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nordmenn brukar biblioteket meir

Halvparten av landets befolkning brukar biblioteket og er nøgde med tilbodet. Utlånstala aukar. Framleis dominerer kvinner og folk med høgare utdanning.

I Nationens distriktsbarometer svarar 51 prosent av dei spurte at dei nyttar seg av biblioteka. 42 prosent oppgir at dei er godt nøgde med bibliotektilbodet der dei bur. 49 prosent av dei spurde nyttar ikkje biblioteka. Undersøkinga er gjennomført av Sentio Research på oppdrag for Nationen, og er basert på tusen tilfeldig spurde personar. - Resultatet samsvarar godt med inntrykket vårt. For berre nokre år sidan låg utlånstala på landsbasis på 48 prosent. ifølgje Statistisk sentralbyrå. No ligg det på 52 prosent, seier Svein Arne Tinnesand, leiar i Norges Bibliotekforening. Små geografiske skilnader Tal frå 2009 viser at folkebiblioteka i Noreg har over 22 millionar besøkjande, som kvart år låner over 25 millionar filmar, bøker, plater og anna materiale. Tinnesand ventar at 2010-tala neppe vil vise nokon nedgang. - Auken skuldast særleg to ting: At biblioteka generelt har blitt betre dei ti-femten siste åra, og at opningstidene har blitt meir tilpassa brukarane, seier han. Resultata frå Sentio si undersøking viser at det er små skilnader på bibliotekbruken i store og små kommunar, og heller ingen merkbare skilnader frå landsdel til landsdel. Kvinner og dei med høgare utdanning er dei som er mest nøgde med bibliotektilbodet. Venstre-, SV- og Sp-veljarar er dei som i størst grad nyttar seg av biblioteka, og som er nøgde med tilbodet. Frp-veljarar er dei som i minst grad brukar biblioteket. 61 prosent av dei om ville stemt Frp i morgon, nyttar ikke biblioteket. - Dette følgjer brukargruppene. Den typiske bibliotekbrukaren er kvinner med høgare utdanning, som gjerne er bokklubbmedlem i tillegg. Vi veit også at innvandrarar i stor grad nyttar seg av biblioteket. Reint politisk ville det vore vel så interessant å bli kjent med dei ulike partia sine haldningar til bibliotek, seier Tinnesand. Finn informasjon på nettet Dei spurde i undersøkinga med niårig og vidaregåande utdanning svarar at dei er middels nøgde med bibliotektilbodet. Tinnesand har ein teori om kvifor. - Mykje av informasjonen vi tidlegare fann i bøker, søker vi no fram på internett. Eg merkar det sjølv når eg planlegg feriereise. Mange tenkjer nok at biblioteka berre dreier seg om det som står i hyllene, seier han. Tinnesand har likevel inga inntrykk av nokon nedgang i bruk eller haldningar til biblioteka hos dei yngre blant oss eller folk under utdanning. Ein treng ikkje leite lenge for å spore opp ungdommane. Biblioteksvar er ei svarteneste der du kjem i kontakt med ein bibliotekar gjennom chat og e-post. Her får du tips om kjelder til skuleoppgåver, faktaopplysningar, lesetips eller hjelp til å finne fram på internett. 70 prosent av brukarane er ungdomsskuleelevar og i vidaregåande utdanning. - Årleg får vi mellom 18.000 og 20.000 førespurnader. I fjor svarte vi på 4000 e-postar og 13.600 chat-spørsmål, seier prosjektleiar Vidar Krumins. Tilbodet har eksistert frå 2004, og ei evaluering som skal vere ferdig på seinsommaren, vil gi svar på om tenesta skal halde fram. - Mottoet vårt er at vi skal svare på det meste. Vi gir aldri direkte svar på skuleoppgåver, men viser til kvalitetssikre kjelder. Frå folk elles er spørsmål omkring slektsforsking ein gjengangar, seier Krumins. Må bli enda meir synlege Tinnesand meiner biblioteka framleis har potensial til å nå fleire. Han har tidlegare karakterisert biblioteka som den usynlege verksemda, «ikkje fordi den er dårleg, men fordi den er god». - Ingen andre kommunale verksemder blir brukt av halve befolkninga. Samstundes er biblioteket som frisk luft. Vi er glade i det, men vi ikkje rettar nok merksemd mot det. Biblioteka har framleis ein jobb å gjere for å bli meir synleg. For å bruke litt store ord, er biblioteka sin viktigaste jobb å stimulere til eit lesande folk som kan delta i demokratiet, seier Tinnesand.

Annonse

Neste artikkel

Svinenæringen lover å skjerpe seg