Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NNN: - Styrkt tollvern ein siger

LO-forbundet seier det er godt nytt for norsk matindustri og matproduksjon

- Dette er ei kjempebra nyheit! Det er godt nytt for norsk matindustri og norsk matproduksjon.

Slik er reaksjonen frå forbundsleiar Jan-Egil Pedersen i Norsk næring- og nytelsesmiddelarbeiderfobund (NNN) på at regjeringa stykrar tollvernet for fleire jordbruksprodukt.

- Styrkt toll gjer at me kan oppretthalde produksjonen me har i Noreg. Regjeringa har lagt fram stortingsmelding om å auke matproduksjonen. Det er umogleg å nå måla om me ikkje har eit sterkt tollvern, seier Pedersen.

Siger til faglegpolitisk samarbeid

Som Nationen har skrive tidlegare har det vore ein lang veg å gå for Sp for å få støtte frå Arbeidarpartiet til å styrke tollvernet.

Etter brotet i jordbruksforhandlingane i vår vart det kjend at dåverande landbruks- og matminister Lars Peder Brekk tapte kampen mot Arbeidarpartiet om styrka ostetoll. Før regjeringsforhandlingane om neste års statsbudsjett sa Sp-leiar Liv Signe Navarsete at toll var den viktigaste saka for Sp.

Seinast for nokre dagar sidan sa leiar Stortingets næringskomité, Terje Lien Aasland frå Arbeidarpartiet, at styrkt tollvern på biff kan vera ei bjørneteneste for storfenæringa.

- Regjeringa si avgjerd er ein siger for det faglegpolitiske samarbeidet mellom LO og Arbeidarpartiet, seier Pedersen.

LO og NNN sende brev til regjeringa

Annonse

Saman med LO-leiar Roar Flåthen sende NNN brev til regjeringa, der dei bad om at regjeringa bruker handlingsrommet som ligg innanfor reglane i WTO til å veksle mellom kronetoll og prosenttoll, og at regjeringa til ei kvar tid bruker det som gir best vern. "Vi ser det som en trussel mot våre arbeidsplasser om myndighetene ikke bruker de mulighetene som ligger i handlingsrommet. Dette betyr ytterligere nedleggelse av industriarbeidsplasser og gårdsbruk over hele landet, og grunnlaget for mange mindre bygder vil smuldre vekk", skriv Flåthen og Pedersen i brevet.

- Det er dyrt å produsere mat i Noreg. Skal det vera matproduksjon over heile landet, som det er politisk semje om, krevst det sterkt importvern, seier Pedersen.

Industrien avhengig av landbruket

Næringsmiddelindustrien har bedrifter over heile landet, og Pedersen seier landbruk og industri er viktig for å oppretthalde busetjing, aktivitet og arbeidsplassar over heile landet.

- Dei som ikkje skjønar at me er avhengige av å ha ein primærproduksjon for å ha matindiustri i Noreg har ikkje sett seg om i verda. Eg har ikkje sett eit einaste land med oppegåande matindustri, som ikkje har eit aktivt landbruk, seier Pedersen.

Les også: Stoltenberg møtt av frustrerte bønder i Vågå

Les også: Ap-topp ville kutte bondetilbodet

Pedersen seier det av omsyn til RÅK-industrien, som nyttar omarbeidde jordbruksprodut, er viktig at tollendringa ikkje fører til auka råvareprisar i Noreg.

Neste artikkel

Nesten 400 personer er nominerte til Årets unge bonde