Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NHO Mat og Bio + Landbrukets arbeidsgiverforening = NHO Mat og Landbruk

Seier landsmøtet ja, vert Landbrukets Arbeidsgiverforening fjerna frå kartet frå nyttår.

Styra i Landbrukets Arbeidsgiverforening (LA) og NHO Mat og Bio er samrøyste om å etablere NHO Mat og Landbruk, dersom årsmøtet i LA seier ja den 18. oktober. Det melder NHO Mat og Bio på eigne nettsider.

Etter at Tine, den største organisasjonen i Landbrukets Arbeidsgiverforening, gjekk inn for ein overgang til NHO Mat og Bio, bestemte eigarmøtet i LA at dei skulle forhandle om NHO-medlemskap for heile organisasjonen.

30. september nådde dei to organisasjonane semje om ein avtale som vil utradere både Landbrukets Arbeidsgiverforening og NHO Mat og Bio frå organsiasjonskartet. Ved samanslåing frå 1. januar neste år vil NHO Mat og Landbruk verte etablert.

Det trengst eit 2/3-dels fleirtal på landsmøtet for å melde LA inn i NHO. Glad direktør

Administrerande direktør Gaute Lenvik i NHO Mat og Bio er glad for avtalen.

- Dei to styra er einige om ein avtale som ivaretek alle forhold som er vektlagt av partane. Vi vart raskt einige om prinsippa og forhandlingane var greie. Vi godt nøgde med avtalen, seier Lenvik.

Alle tilsette i både LA og NHO Mat og Bio skal etter planen bli med over i den nye organisasjonen NHO Mat og Landbruk.

Annonse

LA har i dag rundt 500 medlemsbedrifter, og det blir opp til den enkelte bedrift om dei vil vere med inn i NHO Mat og Landbruk.

Omtrent like store

LA og Mat og Bio er ifølgje Lenvik omtrent jamstore i dag målt etter talet på tilsette i organisasjonane og i medlemsbedriftene.

- Forskjellen er først og fremst at LA har ein større breidde med grupper som også er retta inn mot enkeltpersonføretak, medan Mat og Bio har vore meir retta inn mot industri, seier Lenvik.

NHO Mat og Landbruk vil vidareføre standpunkta til Mat og Bio både i form av motstand mot EU-medlemskap og det å kjempe for å ivareta eit godt importvern.

- Vi trur det blir ei god løysing for landbruket, medlemsbedriftene og våre tilsette, seier direktør Nikolai Astrup Westlie i LA.

Neste artikkel

Rapport: Slik skal EU styrke distriktsjordbruket