Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NHO krev auka satsing på fornybar energi

Torsdag presenterte næringslivet sin energipolitiske plattform. Auka satsing på fornybar energi og auka investeringar i kraftnettet var sentrale punkt.

Energipanelet vart sett ned i januar 2011 for å formulere ein heilskapleg energipolitisk plattform for næringslivet, og har samla tankar energipolitikk, klimapolitikk og næringspolitikk.

I går vart resultatet presentert på eit seminar i Oslo.

- Ei offensiv satsing på teknologiutvikling og innarbeiding av ny teknologi er naudsynt for å realisere eit samfunn med låge utslepp. Skal Noreg framleis vere ein leiande energinasjon, er satsinga på utdanning og kompetanseutvikling avgjerande, skriv NHO-president Kristin Skogen Lund i forordet.

Annonse

Viktige energinæringar i Noreg, representert ved Norsk Industri, Oljeindustriens Landsforening og Energi Norge, står samla bak rapporten, står det i pressemeldinga som følgjer han.

Les heile rapporten frå NHOs energipanel

Energipanelet har bestått av toppleiarar frå energinæringa, leverandørindustrien, forskningsmiljø og kraftintensiv industri. Kraftbransjen har vore representert av Christian Rynning-Tønnesen frå Statkraft, Christian Berg frå Hafslund, Tom Nysted frå Agder Energi og Sverre Devold frå Tafjord Kraft. NHO-president Kristin Skogen Lund har leia panelet.

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale