Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

NHO: 21.000 norske bedrifter blir tappa av formuesskatt

Formuesskatten tappar tusenvis av bedrifter for kapital, syner fersk rapport frå NHO. Bedriftseigarar må ta ut utbytte for å betale skatt til staten.

21.000 bedriftseigarar betaler ein formuesskatt som er høgare enn samla årsresultat i bedrifta. Det syner ein ny rapport frå NHO og Norges Rederiforbund.

Det er fyrste gong nokon har gått inn og analysert kva konsekvensar formuesskatten har for investeringsevna i bedriftene.

- Det er ikkje til å forstå at eigarane må betale meir i skatt enn det bedrifta går med i overskot, berre fordi dei eig produksjonsmidlar som gir grunnlag for arbeidsplassar. Det er formuesskatten på sitt verste, seier næringspolitisk direktør i NHO, Petter Brubakk, om funna i rapporten.

Les også: Kverneland-topp: Kapital viktigare enn norsk eigarskap

Formuesskatten er ein privat skatt, og blir betalt av eigarane uavhengig av korleis den økonomiske tilstanden i selskapet er. Staten får årleg inn om lag 14 milliardar totalt frå formuesskatten. Frå den såkalla «formuesskatt på arbeidande kapital» får staten inn om lag 6,6 milliardar i år.

- Det er pengar som bedriftseigarane heller burde bruke på investeringar, seier NHO.

Råkar i heile landet- For sentrale politikarar er kanskje ikkje nokre titusen i formuesskatt den store summen. For mange distriktsbedrifter handlar det om dei kan investere eller ikkje, seier Brubakk.

Ifølgje rapporten sysselset dei 21.000 bedriftseigarane 81.000 tilsette over heile landet. Det er altså ikkje berre store selskap i urbane strøk som slit med formuesskatten.

Les også: Høgre: Skatt på arbeidande kapital dobla under dei raudgrøne

- Både små og store bedrifter over heile landet blir råka. Distriktsbasert næringsliv er i stor grad eigd av private, og det er berre det privateigde næringslivet som betaler formuesskatt, seier Brubakk.

-Årsrapport frå NHO Eierforum.

Annonse

Formuesskatten skal betalast uavhengig av om bedrifta går med overskot eller ikkje. Brubakk seier formuesskatten tappar bedrifter økonomisk på verst mogleg tidspunkt, og gjer bedriftene meir sårbare.

- Endå verre blir det sjølvsagt når bedrifta går med underskot, og eigarane likevel må finne pengar i selskapet til å betale formuesskatten, seier Brubakk.

Ingen rikmannsskattNHO-direktøren meiner det må bli slutt på å kalle formuesskatten for ein «skatt på dei rike», og vil ha debatten ut av skyttargravene.

- Debatten kring formuesskatten må vera fornuftig og faktabasert. Me må vekk frå debatten om skattlegging av dei rike, seier Brubakk.

Les også: Tre av fire store bedrifter har fått utanlandske eigarar sidan 2000

Han er glad for at LO, Ap og Sp har synt vilje til å diskutere konsekvensar av formuesskatten, og har lite til overs for det tredje regjeringspartiet sin skatteretorikk.

- SV diskuterer i store overskrifter og slagordsprega form. Partiet vel å sjå fekk frå realiteten som dei aller fleste ser; at formuesskatten er skatt på norske arbeidsplassar. Ingenting ville vore betre om SV kan ta ein roleg samtale om kva denne skatten tyder for norsk næringsliv og norske arbeidsplassar, seie Brubakk.

Les også: Bondelaget og NHO vil fjerne skatt

Administrerande direktør i Aass Bryggeri i Drammen, Terje Aas, vil ikkje vera nullskattytar, men vil fjerne formuesskatten. Det kan du lese meir om i eavisa til Nationen for torsdag 10. mai. Ho kan kjøpast her.

Neste artikkel

Tidligere statsminister Kåre Willoch er død