Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nei til EU-leiaren etterlyser klar tale frå Sp om EUs vikarbyrådirektiv

Senterpartiet har framleis ikkje teke stilling til om partiet vil gå inn for veto mot vikarbyrådirektivet. Underleg, synest Nei til EU-leiar Heming Olaussen.

Senterpartiets stortingsgruppe har gjort vedtak om at dei ikkje ønskjer EUs vikarbyrådirektiv innført i Noreg. Men partiet har framleis ikkje bestemt seg for om dei vil gå inn for å leggje ned veto mot direktivet eller ikkje. Det er underleg, synest Nei til EU-leiar Heming Olaussen.

- Eg hadde forventa klar tale frå Senterpartiet no, seier Olaussen.

Ville vente på LO

Senterpartiet varsla i fjor haust at partiet ville vente med å ta stilling til spørsmålet om veto i vikarbyrådirektivsaka til LO hadde sagt sitt om saka. Måndag 30. januar gjekk eit samla LO-sekretariat inn for veto.

Då sa Senterpartiets arbeidslivspolitiske talsmann, Geir Pollestad, til Nationen at partiet skulle ta stilling til direktivet med det første, og at LOs vurdering ville vege tungt for partiet. Onsdag denne veka vart det klart at Senterpartiet likevel utsett sitt vedtak om vetospørsmålet. Partiets talsmann ville heller ikkje svare på når partiet skal ta stilling til saka.

Annonse

- Sp er jo ikkje kjent for å ha dårleg tid i spørsmål som har med EU å gjere, sa Pollestad til nationen.no onsdag kveld.

- Underleg

- Eg må seie at eg stillar meg undrande til at Senterpartiet ikkje klarar å ta stilling i denne saka etter å ha sett den massive motstanden som finst i LO, og etter at eit einstemmig LO-sekretariat har sagt at dei ønskjer veto mot direktivet, seier Olaussen.

Neste artikkel

Fylkesleiar i Bondelaget vil ha tydelegare signal frå Arbeidarpartiet om inntektsgapet