Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nei til Breim kraftverk

NVE ønsker ikkje kraftverk i Breimselva i Sogn og Fjordane.

Breimselva renn ut i Breimsvatnet i Gloppen kommune i Nordfjord. Foto: Chell Hill (CC BY-SA 3.0)
Breimselva renn ut i Breimsvatnet i Gloppen kommune i Nordfjord. Foto: Chell Hill (CC BY-SA 3.0)

Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) rår Olje- og energidepartementet til ikkje å gje Breim Kraft AS i Gloppen lov til å til å byggje kraftverk i Breimselva.

NVE trur det kan gå ut over storaurebestanden.

Breimselva renn ut i Breimsvatnet i Gloppen kommune i Nordfjord. Breim kraftverk er planlagt som eit elvekraftverk.

Kraftverket ville årleg kunne ha gitt i om lag 90 GWh ikkje-regulerbar kraft.

Annonse

NVE meiner at dei samla negative verknadene for storaure, landskap, friluftsliv, turisme og vasskvalitet er store vurdert opp mot krafta som ville ha vorte produsert.

Breimsvatnet har ein av Noregs få kjende storaurestammar, og Breimselva er ein del av det økologiske funksjonsområdet til auren.

NVE legg særleg vekt på dei moglege konsekvensane for storaurebestanden. (©NPK)

Neste artikkel

Kraftmangel i Europa kan gi enda dyrere norsk strøm fra nyttår