Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nederlandske politikarar vil avvikle grisegardar

I Nederland ligg mange gardar tett inn til vanlege bustadområde. No har problemet med lukt frå dyra blitt så stor at regjeringa vil kjøpe ut svinebønder i utsette område.

Nederlendarane likar ikkje griselukt i tettbygde strøk. Foto: Benjamin Hernes Vogl

Dei nederlandske politikarane har gått så langt at dei har lansert eit oppkjøpsprogram verdt 200 millionar euro. Programmet skal starte på nyåret og ein stor del av budsjettet skal gå til å støtte og omskolere dei svinebøndene som vel å slutte med drifta, fortel Landlantbruk.se.

Annonse

Og det er faktisk mange bønder som – dersom dei får økonomisk kompensasjon – er villige til å avvikle den bustadnære produksjonen sin. Ei gransking viser at 80 prosent av dei bøndene som ofte kjem i konflikt når det gjeld lukt frå garden er villige til å bli kjøpte ut.

Den nederlandske regjeringa vil også investere 60 millionar euro for å få ned utslepp og redusere lukt frå kjøt- og eggprodusentane i landet.

Neste artikkel

Fjørfelaget ber politikarar stoppe bygging av nye hønehus