Sp-leiar Liv Signe Navarsete seier pelsdyrnæringa er viktig for arbeidsplassar, verdiskaping og ressursutnytting i distrikta, og at Sp vil kjempe for å vidareføre næringa. Ho kallar Ap og andre parti som vil avvikle næringa for politisk inkonsekvente.
Les også: Ap har vedtatt å forby pelsdyrgårder
- Pelsdyrnæringa er viktig for Sp. Det er ei næring med stor verdiskaping, viktige arbeidsplassar i distrikta, som bidreg til god ressursutnytting og som er i verdsklasse på dyrevelferd. Det er veldig spesielt at enkelte vil straffe alle oppdrettarar ved å ville avvikle næringa. Uakseptabelt dyrehald må ein slå ned på, men det er politisk inkonsekvent å avvikle all norsk produksjon for samtidig å tillate import av pels frå andre land, seier Navarsete.
- Vil kjempe for pelsnæringaTil Nationen tysdag sa valforskar Anders Todal Jenssen at pelsstriden mellom regjeringspartia kan svekkje mobiliseringa av raudgrøne kjerneveljarar.
Han sa Sp er avhengig av å forsikre veljarane om at dei ikkje vil gi seg i pelssaka for å avgrense skadeverknadene av avviklingsvedtaka til Ap og SV.
Navarsete seier valresultatet til hausten og stemmetalet til Sp vil bli avgjerande for gjennomslaget i eventuelle forhandlingar om pelsdyrnæringas framtid.
- Kan Sp sitje i ei regjering som vil avvikle pelsnæringa?
- Regjeringa har ikkje gått inn for å avvikle næringa, og vi treng eit sterkt Sp for å få gjennomslag for å vidareføre næringa også etter valet. Dessutan står det att å sjå kor høgt dei andre partia vil vektleggje avvikling i forhandlingane, seier ho.
Les også: Pelsdyræringa skuffet over Ap-vedtak
Sp-leiaren seier at Sp er for fri etableringsrett i næringslivet for produksjon av varer som er fritt omsetjelege her i landet.
- Vi kjem til å stå opp for den frie etableringsretten på varer det er lovleg å selje her i landet. Det kan du skrive med store bokstavar, seier Navarsete.
Ap avviser skuldingarNæringspolitisk talsmann Terje Lien Aasland (Ap) avviser at det er inkonsekvent å avvikle norsk oppdrett, men tillate import.
- Ap har ikkje tatt stilling til eit forbod mot import. Vi har først og fremst sett på den aktiviteten som skjer her i landet, og vi tykkjer det er naturleg å skilje mellom dyrehald til matproduksjon og til produksjon av luksusvarer. Om Sp meiner det er inkonsekvent, så får det vere deira sak, seier Aasland. Ap-vedtaket om pelsdyravvikling fell også i dårleg jord i NHO Mat og Landbruk. Direktør for næringspolitikk Bjørn Eidem seier næringa er viktig for jordbruk og næringsmiddelindustri. Les meir i Nationens eavis eller papirutgåve onsdag 24. april.