Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Navarsete: - Alle gode krefter må samla seg om nynorsken

No er det viktig at alle gode krefter samlar seg om nynorsken, seier kommunal- og regionalminister og leiar i Senterpartiet Liv Signe Navarsete.

Ho er sterkt uroa etter Høgre på landsmøtet sitt nyleg vedtok at det skal vera frivillig for elevar i ungdomsskulen å læra seg skriftleg nynorsk.

- Eg ser også at det kan vera andre som kan vera på glid i ei retning som kan verka forlateleg, men som på sikt kan underminera heile nynorsken, seier Navarsete til Nynorsk pressekontor.

Ho meiner det no er viktig at debatten kjem over på eit anna spor.

- Eg ønskjer å løfta debatten frå å vera av meir teknisk karakter til å bli eit verdispørsmål, seier ho.

Innspel frå Nynorsklaget

Tysdag møtte ho leiar i Nynorsklaget, Liv Ingebrigtsen, og rådgjevar Steinar Aas for å få innspel om nynorsken i skulen og kulturlivet.

- Som leiar i partiet og medlem i regjeringa er det viktig for meg å få innspel om dei prosessane som går føre seg, seier Navarsete.

Nynorsklaget er uroa over at kampen om nynorsken har spissa seg til.

- Mange går no hardt ut mot nynorsken. Det er ein av grunnane til at me har teke kontakt og ønskt å sameina alle gode krefter, seier mangeårig styremedlem Steinar Aas, som no er rådgjevar for Nynorsklaget.

Han får full støtte frå Navarsete om å slå ring om nynorsken.

- Det gjeld å samla dei viktigaste elementa til å stå i mot presset og så får det som er mindre viktig fara, meiner statsråden som ikkje trur presset mot nynorsken kjem til å bli svakare i tida framover.

Vil snakka med Halvorsen

Norskfaget var eit sentral tema på møtet mellom Navarsete og Nynorsklaget. Navarsete lovar at ho vil følgja opp saka med kunnskapsminister Kristin Halvorsen.

Annonse

- Ei av dei sakene vi snakka om var revisjon av Kunnskapsløftet. Der vil det bli lagt viktige føringar for norskfaget framover. I den samanhengen vil eg ta kontakt med min gode kollega, Kristin Halvorsen, og setja av tid til å snakka gjennom desse sakene med henne. Og så får me sjå korleis me tek det vidare, seier Navarsete, som er svært oppteken av å kjempa for at nynorsk og bokmål framleis skal vera jamstelt.

- Det er i skulen kampen vil stå når det gjeld å få lov til å halda fram å ha to jamstelte målformer. Dersom kravet om at ungdommen lærer seg nynorsk fell vekk, så kan vi heller ikkje oppretthalda kravet om at me skal ha to likestilte målformer, slår ho fast.

Dette er ei sak partileiaren også vil følgja opp i sitt eige parti.

- Ikkje minst trur eg det er viktig at Senterungdommen blir medvitne om kva dette betyr, seier ho.

Skeptisk til Lomheim

Tidlegare direktør i Språkrådet, Sylfest Lomheim, har nyleg uttalt at han meiner det er nok å ha éin samlekarakter for hovudmål og sidemål i norskfaget. Navarsete er i utgangspunktet skeptisk til forslaget. Ho meiner det er viktig å ha karakterar i begge målformene for å gje faget tyngde.

- Eg er litt overraska over utspelet til Lomheim, men eg har ikkje gått inn i dette nok til at eg er trygg på kva han eigentleg meiner. Men litt skepsis må eg nok melda til han. Sjølv har eg vore oppteken av vi skal ha to karakterar, men dette er noko eg vil diskutera med min gode venn Lomheim.

Dersom det blir slik at elevane skal ha ein felles eksamen i norsk, meiner ho elevane må trekkja om dei skal ha eksamen i nynorsk eller bokmål.

- Det er heilt noko anna enn å seia at elevane skal ha eksamen i hovudmålet, noko som eg trur vil skvisa nynorsken rimeleg kjapt

- Betyr dette engasjementet ditt at du vil bli ein endå sterkare faneberar for målsak og nynorsk?

- Viss du ser bak deg, så står Storegut-prisen. Han forpliktar, seier Liv Signe Navarsete, som i 2007 blei heidra for god og levande nynorsk. (©NPK)

Neste artikkel

Du må ut med mest for studentbustadane i distrikta