Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Naturvernforbundet meiner rovviltnemndene opptrer uansvarleg

Naturvernforbundet reagerer på handsaminga i rovviltnemnd og meiner det vert teke for lite omsyn til faglege tilrådingar.

- Skal nemndene kunne ha den rolla i rovviltforvaltinga som Stortinget har lagt opp til, må dei opptre meir ansvarleg kva gjeld omsyn til dei faglege tilrådingane. Gjer dei ikkje det, kjem det berre til å verte fremja nye klagar og verte meir overstyring, seier Per Flatberg i Naturvernforbundet.

Som representant for forbundet i Nord-Trøndelag, har Flatberg følgt fleire av møtene i rovviltnemnda i region seks, som dekkjer Midt-Noreg og fylka Møre og Romsdal, Nord-Trøndelag og Sør-Trøndelag. Han seier han fleire gonger har vore sjokkert over nemndas manglande vilje til å ta omsyn til faglege tilrådingar, og meiner den omstridde reduksjonen i gaupekvota som Miljøverndepartementet gjorde i januar, var heilt på sin plass.

Det same meiner Naturvernforbundet i Møre og Romsdal og i Sør-Trøndelag.

- Nemnda sitt kvotevedtak var i strid med dei faglege råda frå Fylkesmannen og med klagen vår, seier leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal om det opphavelege kvotevedtaket får rovviltnemnda i region seks.

Protesterer mot tala

Vedtaket frå departementet om å redusere jaktkvoten frå 157 til 118 gauper i landet totalt, innebar ein reduksjon på 16 dyr i region seks, 17 dyr i region to, som dekkjer Vestfold, Aust, Agder, Buskerud og Telemark, og seks dyr i Nordland.

Dei tre råka rovviltnemndene har alle reagert kraftig. Det same har bondeorganisasjonane, opposisjonsparti og regjeringspartnar Senterpartiet. Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp) har endå til skulda miljøvernministeren for å bryte intensjonane i rovviltforliket om å gje meir avgjerdsmakt til dei regionale rovviltnemndene.

Les også: Heidi Sørensen (SV): - For mange og for få rovdyr er like galt

Rovviltnemnda i Midt-Noreg har følgt opp vedtaket med klagebrev til departementet og syner til at den tilrådde kvoten frå nemnda var vurdert ut frå bestandsutviklinga i regionen.

Gunnar Alstad i nemnda i Midt-Noreg har fortalt Nationen at regionen aldri har lege under bestandsmålet for gaupe. Det er ei framstilling Naturvernforbundet reagerer på.

Annonse

- Dei tre fylka i regionen har kvart sitt måltal. Yngletalet på to gauper i Møre og Romsdal er til no ikkje nådd i nyare tid, og for Sør-Trøndelag nådde ein akkurat ynglemålet førre år. Det er i Nord-Trøndelag ein har nådd målet med god margin lenge, seier Folden, og syner til at det var kvotane nemnda hadde sett for Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag Naturvernforbundet opphavleg klaga på også, ikkje kvotane for Nord-Trøndelag.

Han påpeikar at kvotereduksjonen frå departementet i Midt-Noreg fyrst og fremst gjaldt fylka Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag og at den opphavlege kvota frå nemnda berre vart kutta med eitt dyr i Nord-Trøndelag. Han seier reduksjonane i Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag elles var i tråd med sekretariatet hjå Fylkesmannen og med klagen frå Naturvernforbundet.

- Nord-Trøndelag vart knapt endra. Såleis kan ein nesten seie at departementet har vore meir lokal i forvaltinga si enn rovviltnemnda, som har lagt til grunn regiontalet og ikkje teke omsyn til skilnader mellom fylka, seier Folden.

- Det er lite med gaupe no

Flatberg er viss på at kvotereduksjonen frå departementet er godt fagleg fundert.

- Av dei 44 gaupene som departementet har gjeve lov til å ta ut i regionen totalt, er det så langt berre skote 17 dyr, og ingen i mars. Det har ikkje vore all verdas jaktforhold alle stader og jakta er framleis ikkje ferdig, men rapportane så langt tyder på at det er lite med gaupe no, etter at det i to år har vore store uttak, seier han.

Flatberg og Folden har mest erfaringar frå Midt-Noreg, men seier inntrykket av at rovviltnemndene ikkje tek omsyn til faglege innspel også gjeld i andre regionar og for andre rovdyr enn gaupe.

- Vi oppfattar det som at nemndene jamnt over er lite lydhøyre frå innspel frå andre enn næringsinteressene, seier Flatberg.

Les også: Rovviltforliket: Her er hele teksten

Neste artikkel

33 ulver ble skutt eller drept sist jaktår