Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Når hytta skal fordelast

Halvparten av alle nordmenn har tilgang til ei hytte – og mange av oss deler ho med heile slekta. Gir ein ikkje slepp på hytta, må ein vere smidig.

Sommardraum: Hytter ved sjøen har fått skyhøg verdi, noko som ofte gjer det vanskeleg for arvingar å kjøpe kvarandre ut. Foto: Tore Wuttudal / NTB scanpix

– Eg forbanner den dagen eg kjøpte denne staden.

Hyttekrangelen hadde køyrd seg heilt fast, og den oppsiktsvekkande utsegna kom frå eldste generasjon.

Dag Jørgen Hveem, jurist og høgskulelektor ved Handelshøyskolen BI, har hjelpt fleire slike familiar. Når hytter skal fordelast, står det om pengar, men endå viktigare: om samhaldet i slekt og familie. Det høyrer med til historia at mannen Hveem fortel om, trekte forbanninga tilbake.

– Det som slår meg, er at det er stor spennvidde, både i kva løysingar ein finn og kva ansvar den eldste generasjonen tar. For det er faktisk dei som bør ta jobben med å finne ut kva som bør skje med hytta, meiner Hveem.

Hyttepraten

I nokre familiar er det altfor vanskeleg å snakke om hytta. Det er noko av det sosialantropologane Marianne E. Lien og Simone Abram har søkt forklaringar på i arbeidet med boka «Hytta – fire vegger rundt en drøm». Boka er ein del av eit større forskingsprosjekt ved Universitetet i Oslo, med tittelen «Materialiseringer av slektskap; Livssykluser på norske hytter».

Rundt halvparten av Noregs befolkning har tilgang til ei hytte. Nokre av hyttene er tydeleg prega av at ingen har avgjort kva som skal skje med dei.

– Ein av hytteeigarane vi snakka med, kalla dei «ventehytter», seier professor Marianne E. Lien.

– Hytter som har hatt for mange brukarar, uskrivne reglar og eigarar i eldste generasjon som framleis har makt over måten hytta blir brukt på. Resten av familien har kanskje nølt med å investere eller med å engasjere seg.

Det er då kranglane kan oppstå – eller blusse opp. Hytta som så mange opplever som sin eigen spesielle stad, skal plutseleg vurderast i kroner og øre og kanskje ende opp med å ha berre éin eigar.

Den nye slektsgarden: Mange hytter fungerer som møtestad for slekta. Foto: Haakon Harriss / frå «Hytta fire vegger rundt en drøm»

Historisk vrient

Plasseringa vi har i hyttehistoria har litt av skulda. Folk i beste- og oldeforeldregenerasjonen bygde opp fleire av dagens hytter, ofte av enkle materialar dei fekk tak i etter krigen. Barna deira vaks opp med hytteliv i feriane og bidrog seinare til at hyttene vart bygde ut. Endå ein generasjon kom til, og til slutt vart det for mange folk. Kanskje skjedde det allereie for 20–30 år sidan. Sidan har verdiauken gjort det vanskeleg å kjøpe ut dei andre.

Marianne Liens eiga slekt rommar eit døme på at eigedom ikkje treng å bli ei forbanning.

– Vi har hatt ein stor landstad gjennom seks generasjonar, bygd av tippoldefaren min på starten av 1900-talet. Det vart etter kvart veldig mange som brukte han, eller som hadde ein ørliten eigardel. Til slutt skar nokon gjennom, og vi oppretta eit sameige med dei som ville vere med vidare. Ein jurist i familien hjelpte til, og vi enda opp med 27 delar. Fleire skal det aldri bli.

Hytta har eit styre, eit årsmøte og reglar og rutinar for utgifter, vedlikehald og bruk.

Annonse

Ulemper

Dag Jørgen Hveem har møtt dei også; familiane som klarer å dele ei hytte på mange. Sjølv trur han smertegrensa ofte går ved tre eigarar eller brukarar.

– Er ein fleire, vil ein ikkje få nok tid til å bruke hytta, og heller ikkje så mykje innverknad på korleis ho skal haldast, meiner han, men legg samtidig til at det finst mange unntak.

Hveem tilrår at eigarane i eldste generasjon luftar temaet med barna før dei avgjer kva dei skal gjere.

– Viss eigarane ikkje har lagt nokon plan, er det opp til neste ledd. Blir ikkje dei samde, og står igjen som sameigarar utan at dei ønsker det, har den enkelte ei moglegheit til å krevje oppløysing av sameiget, seier Hveem.

Å hamne i ein situasjon med tvangssal og bodkamp mellom søsken er det nok ingen som ønsker seg. Alt taler for å legge ein plan. Dag Jørgen Hveem trur likevel at enkelt held seg passive fordi dei ikkje orkar å oppleve krangel mellom barna.

– Problemet kan i mange tilfelle løysast ved å få sett opp eit testament, som barna ikkje treng å vite noko om før foreldra er borte, seier han.

Ulik bruk

Marianne Lien meiner arvtakarar òg har eit ansvar for at eigarskapet og bruken blir riktig fordelt. Hyttepraten bør dei ta tidleg og kartlegge kva slags forhold dei andre som bruker hytta har.

– Brukar dei ho som ein stille stad der dei sit framfor peisen med ei bok, eller er ho meir som ei sportshytte som skal fyllast av fetrar og kusiner, søsken og kjærastar? Skal ein alltid vaske bad og kjøkken etter ei helg, eller held det å støvsuge der ein har trakka?

Veit ein meir om kva forhold dei andre har til hytta, er det enklare å forstå kvarandre sine behov og finne eit minste felles multiplum, meiner Lien.

I forskingsprosjektet om hytter, slekt og familie har Lien og Abram funne mange variantar av eigarskap og arveløysingar. Som til dømes når to hytter skal fordelast på tre søsken, eller éi hytte skal fordelast på tre.

Reglar: Held det å ta oppvasken etter ei helg på hytta? Eller skal det støvsugast og vaskast grundig? Ved sameige må alle vere einige om reglane. Foto: Thomas Brun / NTB scanpix

Betre framover

I Noreg blir litt under halvparten av alle hytter overdratte innanfor familien. Omkalfatring av eigarskapa går stadig føre seg. Viss vår tid er ekstra utfordrande når det gjeld overlevering av hytter, vil det bli lettare for barn som veks opp i dag?

– Det er ikkje lett å seie, seier Marianne Lien.

– Mange har jo forlate familiehyttene og kjøpt seg enklare fritidsbustader, til dømes ei leilegheit i nærleiken av ein slalåmbakke. Kanskje har dei tenkt at denne er lett å omsette når barna er store og ikkje lenger vil vere med foreldra på ferie. Men der kan ein få seg ei overrasking. Nokre av dei vi har snakka med som har hatt ein slik plan, har vorte møtt med protestar frå barna. Dei har jo vore på staden i fleire år og har mange gode minne derifrå!

– Ei hytte er som ein familiemedlem – det er ei ein blir glad for å møte. Og alle kan få kjensla at ho tilhøyrer nettopp dei.

Neste artikkel

Arrangørene av Femundløpet frykter vindkraftplaner