Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Nær 500 EU-reglar inn i EØS-avtalen

Noreg, Island og Liechtenstein har teke inn i alt 481 nye EU-reglar i år. Det er meir enn 150 fleire enn vanleg og det tredje høgaste talet nokon gong.

Representantar for Noreg, Island og Liechtenstein møter i dag EU-kommisjonen for å innføre 51 nye EU-reglar i EØS-avtalen. Dermed er det totale talet EU-reglar innført så langt i år oppe i 481, mot eit snitt på rundt 330 per år vanlegvis. Det stadfestar Tore Grønningsæter som er informasjonsrådgivar i EFTA.

Les også: Sp og SV vil gjere EØS til valkampsak

Intensiveringa det siste året følgjer av at EU i november i fjor kravde fortgang i handsaminga av over 500 store og små vedtak som då stod att å innføre i EØS-avtalen.

Grønningsæter seier EU og dei tre EØS/EFTA-landa vart samde om ein plan for å få redusert talet EU-rettsakter som ligg til vurdering i Noreg, Island og Liechtenstein.

Jobbar for reduksjon

På EFTA-sida har det ifølgje utanriksminister Espen Barth Eide vorte vedteke nye prosedyrar for inntak av reglar og det er utvikla nye arbeidsmetodar i samarbeidet mellom EFTA og EUs utanriksteneste.

Dei 481 innførte EU-reglane er det høgaste talet sidan 1999, då EUs veterinære grensekontroll vart utvida til EØS-området, og før den tid det høgste sidan EØS-avtalen trødde i kraft og det vart teke inn vedtak i store pakkar.

Les også: Flåthen tror ikke EØS vil splitte LO og Ap

Samstundes som dei 500 sakene frå november i fjor er reduserte, kjem stadig nye EU-reglar til i køen. Leiar Per Strand Sjaastad i Utanriksdepartementet seier det i dag er rundt 400 rettsakter som ventar innføring i EØS-avtalen.

I dag møter representantar for Noreg, Island og Liechtenstein møter EU-kommisjonen.

Annonse

- Det går ikkje å kome på null. Det har å gjere med at handsaminga av eit regelverk på EFTA-sida fyrst skal skje i etterkant av vedtaket i EU. Vi jobbar likevel med å få talet lågare enn kva det er i dag.

Problemsaker står att

Blant EU-reglane som er innførte i år, er det omstridde vikarbyrådirektivet, direktivet om forbrukarrettar og direktivet om audiovisuelle medietenester, som gjer at TV-stasjonar som sender utanfrå Noreg kan sende alkoholreklame i norsk kabel-tv-nett.

Fleire av problemsakene mellom EFTA-landa og EU står framleis att å innføre. Blant dei er datalagringsdirektivet, som Island har sett ned foten for, bankinnskotsdirektivet, der Noreg jobbar for å få nokre unntak, og EUs tredje postdirektiv, som Noreg har sagt nei til å innføre.

EU har tidlegare i år varsla at dei vurderer å tvinge EFTA-landa til formelle forhandlingar om nokre av dei omstridde EU-reglane. Det inneber å ta i bruk den såkalla reservasjonsprosedyren i EØS-avtalen, som kan føre til at delar av EØS-avtalen vert suspendert.

Les også: Eide: - Uaktuelt for Ap å regjere uten EØS

Ifølgje Sjaastad har EFTA-landa ikkje vorte varsla om at EU kan kome til å starte suspensjonsprosess på dagens møte mellom partane.

Neste artikkel

MDG vil gi mer til jordbruket enn jordbruket selv hadde som krav