Regjeringa har neste år føreslege å kutta statsstøtta til selfangst. Det meiner Miljøvernforbundet er heilt uakseptabelt.
– Vi ser at dette kan blir eit omfattande miljøproblem om fangsten blir lagt død, seier politisk nestleiar i organisasjonen, Ørjan Holm, til Fiskeribladet Fiskaren.
Han meiner selfangsten i dag skjer på ein berekraftig måte og fryktar at ein stopp av selfangsten vil føra til at selbestandane vil koma ut av kontroll og få negative konsekvensar for fiskebestandane og fiskeria langs kysten.
– Når vi har ein ressurs som vi haustar berekraftig, så skal vi halda fram med det. Vi kan ikkje nå målsetjinga om å bli den beste sjømatnasjonen i verda om vi snur ryggen til selfangsten, seier Ørjan Holm.