Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Miljøpolitisk talsmann i Sp: Borten Moe går imot eige parti

Miljøpolitisk talsperson Erling Sande i Sp seier Ola Borten Moe si støtte til oljesandproduksjon i Canada er i strid med partiprogrammet.

Olje- og energiminister Ola Borten Moe har fått krass kritikk frå miljørørsla etter at han tidlegare denne veka uttrykte full støtte til den omdiskuterte oljesandproduksjonen i Canada.

No vert Borten Moe også tydeleg irettesett frå eige parti.

-Partiprogrammet vi har vedteke på landsmøtet vårt seier at vi vil vri satsing på petroleumskativitet til satsing på fornybar energi, og at vi vil bruke den statlege eigarskapen aktivt for å få til det. Det er ein noko anna profil enn den Ola Borten Moe teiknar opp når han uttrykkjer iver for oljesandproduksjon, seier miljø- og energipolitisk talsperson Erling Sande i Senterpartiet til Nationen.

Sande tek sterk avstand frå utspelet frå Borten Moe.

- Det er ei kjent sak at han har eit engasjement for utvinning av oljeressursane, men no kjenner eg trong til å flagge at Senterpartiet i sin profil legg langt større vekt på fornybare kjelder enn det Borten Moe gjer, seier Sande.

Det var i eit intervju med den kanadiske avisa Globe and Mail tidlegare denne veka at Borten Moe uttrykte støtte til oljesandproduksjon. Borten Moe er denne veka på reise i USA og Canada. Torsdag vitja han Statoils oljesandanlegg i Alberta-provinsen i Canada.

- Det er umogleg å ikkje sjå føre seg ei framtid der desse ressursane kjem til å spele ei meir framtredande rolle for å sikre behovet for tilførsel av energi i verda, sa Borten Moe til den kanadiske avisa.

Annonse

- Usamd i kamp mot EU-direktiv

EU-kommisjonen vedtok for ein månad sidan ein utsleppsverdi for bensin frå tjæresand, som Canada er sterkt imot. I intervjuet med den kanadiske avisa er olje- og energiministeren klar på at han støttar Canada og vil gå saman med landet i å utfordre det føreslegne EU-direktivet.

Også på dette punktet møter Borten Moe krass kritikk frå partikollega Erling Sande.

- Eg er direkte usamd med han i at vi skal bruke energi frå norsk side til å kjempe imot EU-direktivet. Eg har sans for forslaget frå EU på dette punktet. Skal vi nå måla vi har plikta oss til gjennom FN, er det heller ikkje mogleg å sameine med auka utvinning av fossil energi, seier Sande.

Ifølgje Borten Moe er EU-direktivet "verken vitskapleg eller opplagt". Det er ei melding som har fått miljøorganisasjonane til å rase.

- Det er nesten ikkje til å tru at han set spørjeteikn ved truverde til verdas klimaforsking som dannar grunnlaget for klimapolitikken til EU. Dette plasserer Borten Moe på nivå med George Bush, like øydeleggjande og menneskefiendtleg, seier Bellona-leiar Frederic Hauge.

- Meldinga frå Borten Moe kjem til å skade Noreg sitt forhold til EU og gjer Noreg til ein vits i klimasamanheng, seier Hauge.

Neste artikkel

Barket sammen om elbil: – Ikke noe som duger til å dra campingvogn med