Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mikroalgemat skal testast på Sunnmøre

Forskarar ved Nibio har produsert mikroalgar som erstatning for soyaprotein i laboratorium.

No har prosjektet Algae To Future kome så langt at bioråstoffet kan brukast i mat til menneske. Maten skal testast på Sunnmøre.

– Vi står framfor ein liten revolusjon i matproduksjon, seier forskingsleiar Stig A. Borgvang i Norsk institutt for bioøkonomi i ei pressemelding.

Mikroalgeprosjektet er den største satsinga Noreg nokon gong har gjort på eit råstoff som vil erstatte det soyaproteinet som vi importerer frå utryddingstruga regnskog i Brasil.

Mikroalgar på menyen

På lokalmatgarden i Bjørke vil kokkar og forskarar for første gong prøve mikroalgane i ein heil meny. Maten blir servert på eit spesielt arrangement fredag 29. mars på ungdomshuset Haukly.

Annonse

På gjestelista står folk med lidenskap for berekraftig mat, og ei interesse for jordbruk og supermat. Kokkane Nils Henning Nesje og Gunnar Nagel-Dahl vil stå på kjøkkenet, saman med den lokale bonden og matprodusenten Maria Nikkinen Rørstad.

Mål om kokebok

Gjestene skal smake på ulike rettar med mikroalgar, og rangere smak, farge og konsistens. Samanlagt kan ein dermed trekke konklusjonar om kva matretter ein kan vidareutvikle i framtida. Målet er å lage ei kokebok frå oppskrifter som blir godkjente.

– Mikroalgar er ei av løysingane på berekraftig matproduksjon i framtida. Men først må dei gjerast tilgjengeleg for folk flest. Mikroalgar vil bli ein vanleg ingrediens i kjøkkenet etter kvart, håper Maria Nikkinen Rørstad.

©NPK

Neste artikkel

Mener proteinrikt gress kan erstatte behov for soya: – Dette er superinteressante tall