Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meir sal av økomat krev betre informasjon

Marknadsføringa må bli betre om forbrukarane skal kjøpa meir økomat, syner ein ny rapport. Neste år satsar staten 10 millionar kroner på ein ny kampanje.

Forbrukarane treng meir informasjon om økologisk mat. Det er eit av hovudfunna i ein ny evaluering av tilskotsordningane retta inn mot å auke produksjon og forbruk av økologisk mat i Noreg. Evalueringa er utført av Vista Analyse på oppdrag frå Statens Landbruksforvalting (SLF).

- Funna i rapporten syner at tilskota til økologisk landbruk fungerer etter målsetjingane, medan det trengst ei sterkare satsing på marknadsføring av økologisk mat retta mot private forbrukarar, seier seksjonssjef for miljø og klima ved SLF, Bjørn Huso.

Ambisiøst mål

I evalueringa blir det peikt på at auka etterspurnad er avgjerande for å auke den økologiske delen av matmarknaden. I dag utgjer økologisk matproduksjon fem prosent av den totale matproduksjonen i Noreg. Omsetninga av økologisk mat i daglegvarekjedene er på om lag ein prosent av den totale omsetninga av mat. Regjeringa sitt mål er at både produksjon og omsetning skal vera 15 prosent i 2020. Huso seier rapporten peikar på fleire flaskehalsar som hindrar at det økologiske forbruket aukar.

- Distribusjonssystemet og tilgang i butikk er utfordrande. Særleg for småprodusentar som har satsa på økologisk mat er logistikken krevjande. I tillegg har forbrukarane liten kunnskap om kva som kjenneteiknar økologiske produkt. Det er også ei utfordring at viktige økologiske varegrupper har overproduksjon. Økologisk mjølk og kjøtt har ein bruksgrad som er i underkant av 40 prosent, seier han.

Marknadssjef i Oikos, Reidar Andestad, seier organisasjonen i mange år har etterlyst betre marknadsføring av økologisk mat.

Annonse

- Dei siste par åra har hovuddilemmaet for økologisk aktivitet i Noreg vore at salet ikkje er større. Sidan 2011 har det vore positiv vekst. Sjølv om marknaden kan svinge er det viktig å bruke ressursar på å få fram miljø- og sunnheitsgevinstane ved økologisk mat, seier han. Ny økologisk kampanje

Ifølgje administrerande direktør i Matmerk, Nina Sundqvist, er det alt sett i gang eit arbeid med å betre marknadsføringa av økologisk mat. Matmerk har det overordna ansvaret for marknadsføring av økologisk mat. Saman med SLF bruker Matmerk 10 millionar på ein forbrukarretta marknadsføringskampanje som blir sett i gang etter nyttår.

- Det vil bli den største økologiske kampanjen som til no er køyrd i Noreg. Me har arbeidd i over eitt år med å finne ein bodskap som er korrekt, og er no i konkretiseringsfase der me mellom anna arbeider med TV-annonsering, seier Sundqvist.

Kampanjen skal vektleggje økologiske kjøtt-, meieri- og eggprodukt.

Les meir om den nye kampanjen i Nationens papirutgåve eller eavisa 28. november. Eavisa får du kjøpt her.

Neste artikkel

Tine treng meir økomjølk: Varslar prisauke til bønder