Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meir gaupebråk: Rovviltnemder krevjer betre innsyn i rovdyrtal

Departementet si overstyring i gaupejakta har gjeve dei regionale rovviltnemndene endå meir å ta opp med miljøvernminister Erik Solheim når dei neste veke møter han for å diskutere gjennomføringa av rovviltforliket.

Frustrasjonen aukar i rovviltnemndene, som neste veke skal møte miljøvernminister Erik Solheim (SV) for å diskutere gjennomføringa av rovviltforliket.

- Vi meiner det må sikrast at dataa Statens naturoppsyn (SNO) sit på til ei kvar tid må gjerast tilgjengelege for rovviltnemndene, slik at det går an å rette opp i situasjonen frå vår side når prognosane for uttak syner seg å vere feil.

Det seier nestleiar Kåre Gunnar Fløystad i Rovviltnemnda for Sør-Noreg etter at Miljøverndepartementet (MD) like før helga overstyrte eit regionalt vedtak om tilleggskvote for gaupejakt.

Vedtaket har gjeve dei regionale rovviltnemndene endå meir å ta opp med miljøvernminister Erik Solheim når dei neste veke møter han for å diskutere gjennomføringa av rovviltforliket.

- Eg vil ha Solheim til å stadfeste at det er dei regionale rovviltnemndene som sit med den faglege og erfaringsmessige kunnskapen til å fatte vedtak om kvotar, seier Gunnar Alstad i rovviltnemnda i Midt-Noreg.

Les også: Heidi Sørensen (SV): - For mange og for få rovdyr er like galt Har bede om nye tal

Det var Rovviltnemnda i Nordland som fredag gjorde vedtaket MD same dag sette foten ned for. Nemnda ville auke fellingskvoten for gaupe med tre dyr den siste veka av jaktsesongen, og grunngav vedtaket med nye utrekningar av talet gauper.

I ein rapport gjennomført for nemnda i Nordland har Rovdata rekna ut at talet familiegrupper av gaupe i regionen er høgare enn prognosane MD baserte kvotereduksjonen frå 31. januar på.

Les også: Kø av gaupeklager til Erik Solheim

Annonse

Rovviltnemnda i Sør-Noreg, som også fekk sine tilrådde kvotar kraftig redusert av MD like før jakta starta, har ikkje fått sjå oppdaterte tal, trass i førespurnad.

- Vi har nyleg bede SNO om talet på sporingar registrerte i regionen, men fekk melding om at tala ikkje var tilgjengelege før 15. mai, seier han. Reagerer på korrigeringar

Leiar Morten Kjørstad i Rovdata stadfestar at det berre er gjort nye utrekningar for Nordland. Han undertrekar at utrekningane er mellombelse og byggjer på grunnlagsmateriale SNO har registrert i Rovbasen, utan at materialet er gjennomgått på nytt.

Rovviltnemnda i Midt-Noreg har ifølgje Alstad ikkje har bede om ny taldokumentasjon etter at MD kutta deira tilrådde kvote frå 60 til 44 gauper. Nemnda har likevel følgt opp vedtaket med klagebrev til MD.

Les også: Rovviltforliket: Her er hele teksten

Alstad syner til at den tilrådde kvoten frå nemnda var vurdert ut frå bestandsutviklinga i regionen, slik som tidlegare.

- Vi har aldri lege under bestandsmålet for gaupe her, påpeikar han.

Neste artikkel

Fylkesleiar i Bondelaget vil ha tydelegare signal frå Arbeidarpartiet om inntektsgapet