Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Matmangel på Svalbard på grunn av regn på snø

Regn som fell på snø kan bli omgjort til is under snøen, og dette er ei fare for arktiske økosystem.

Forskarane har konkludert med at det ofte blir nedising over store område samtidig. Dermed er det vanskeleg for til dømes ryper og reinflokkar å finne ein annan stad å beite dersom dei overvintrar på Svalbard.  Foto: Siri Juell Rasmussen
Forskarane har konkludert med at det ofte blir nedising over store område samtidig. Dermed er det vanskeleg for til dømes ryper og reinflokkar å finne ein annan stad å beite dersom dei overvintrar på Svalbard. Foto: Siri Juell Rasmussen

Ei gruppe biologar, meteorologar og geofysikarar har gått gjennom mange år med data på snøforhold og vêr frå to ulike stader på Svalbard. Der fann dei at meir regn vinterstid har gitt meir is på bakken. Bakken har nesten ikkje vore isfri på vinterstid sidan starten av dette hundreåret, skriv Gemini.no.

Bakken på Svalbard har eit lag av permafrost og når det regner på snø, kan regnet fryse på botnen av snølaget. Dette laget av bakkeis kan vere så tjukt at det innkapslar plantene heilt og dermed kan det føre til død for dei. Bakkeisen er også eit problem for mellom anna rein, som finn mat ved å skrape gjennom snøen.

Bart Peeters, hovudforfattaren av artikkelen og doktorgradskandidat ved NTNU, seier at hovudmønstera er klare:

Annonse

– Bakkeisen blir danna når regn og smelta snø frys på den frosne bakken. Dette er avhengig av kor djupt snølaget er og kor mykje det regner.

Om det er mykje snø på bakken og det kjem lite regn, kan regnet bli tatt opp av snøen og fryse i snølaget i staden for å nå heilt ned til bakken. Det er annleis når det kjem mykje vatn på eit tynt snølag. Då frys vatnet først når det kjem ned til den frosne bakken.

Forskarane har konkludert med at det ofte blir nedising over store område samtidig. Dermed er det vanskeleg for til dømes ryper og reinflokkar å finne ein annan stad å beite dersom dei overvintrar på Svalbard. Med dette kan bestandar svinge i takt på tvers av artar, og på lang sikt kan dette føre til auka risiko for utrydding. Likevel er ikkje teikn til at artane som overvintrar på Svalbard er i fare i dag.

– Sidan temperaturen i Arktis aukar aller raskast på Svalbard, kan det vi observerer der no vere eit forvarsel for det som vil skje i andre økosystem i nord, seier Peeters.

Neste artikkel

Sender norsk råstoff til Danmark for å lage kyllingpølse som skal selges i Norge