Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Manifest etterlyser ny vilje til å styrke velferda

Kommunane har firedobla gjelda si på ni år. Grunnen er at dei over fleire år er blitt underprioritert samanlikna med samfunnsveksten, viser ny rapport.

I rapporten som ser på finansieringa av velferd i kommunesektoren, set Manifest Analyse inntektsutviklinga i kommunesektoren opp mot inntektsutviklinga i samfunnet elles. - Den langsiktige underfinansieringa av kommunesektoren har ført til gjeldsoppbygging over tid, seier samfunnsøkonom Lars Gunnesdal i Manifest Analyse. Trend med nedprioritering Rapporten viser til at kommunesektoren fram til 1997 meir eller mindre gjekk i balanse. I tida etter har det vore «ein nær kronisk økonomisk ubalanse.» Berre i 2006 var kommunesektoren i økonomisk balanse, ifølgje rapporten. Frå 2002 til 2011 auka den kommunale gjelda frå 40 milliardar til 170 milliardar, rekna i dagens kroneverdi. Auka rente og auka renteutgifter vil i sin tur påverke innbyggjarane sine velferdstilbod. - Det handlar ikkje om dei raudgrøne eller Bondevik-regjeringane åleine. Det er ein lengre trend vi peikar på, med ei nedprioritering av kommunesektoren. Den kommunale inntektsveksten er halden i stramme tøylar, medan den private kjøpekrafta er enorm og statens inntekter veldig store, seier Gunnesdal. Han viser til at veksten i privat forbruk dei siste 20 åra har vore 50 prosent høgare enn veksten i offentleg forbruk. Ineffektiv produksjon I rapporten drøftar Manifest framsette påstandar om at kommunal tenesteproduksjon er ineffektiv, samanlikna med effektivitetsauken som har vore i industrien. - Hadde løysinga ligge i å privatisere, måtte privatisering ført til sparte kostnader. Det finst det ikkje bevis for. Den påståtte sparinga som ligg i å privatisere, går ofte ut over dei tilsette sine løner og pensjonsrettar. Sparinga ligg i at nokre andre må ta rekninga. Dette heng saman med den særeigna naturen til offentleg tenesteproduksjon, det er vanskeleg å erstatte omsorgsarbeidarar med robotar, seier Gunnesland.

LES OGSÅ: Mange ordførere fikk ny tillit til tross for dårlig økonomi

LES OGSÅ: Kommunene finans-gambler like mye som før Terra-skandalen

LES OGSÅ: Terra-ordførere søker gjenvalg

Annonse

LES OGSÅ: Nye regler skal forhindre en ny Terra-skandale

Kommunesektoren har fått auka inntektene i kroner og øyre dei siste åra. Mykje har gått til å finansiere barnehageutbygginga, medan rammene til å løyse dei andre oppgåvene ikkje har vakse i same grad. - Ordførarar og andre kommunepolitikarar fortel om auke i oppgåver og i mindre grad middel til å gjennomføre dei. Det reduserer rommet for å drive lokal politikk, noko som i seg sjølv må vere eit problem, seier Gunnesdal. Ikkje redd renta - Beskrivinga av at oppgåvene har vokse meir enn inntektene kjenner vi oss godt att i, det er grundig dokumentert av oss også, seinast i fjor, seier Helge Eide, direktør for interessepolitikk i KS, kommunane sin arbeidsgivar- og interesseorganisasjon. Han reknar ikkje renteauke som det mest trugande for kommuneøkonomien i framtida. - Ser vi mange år fram i tid vil folketalsutviklinga oppå det at mange sektorar ønskjer å binde opp dei statlege overføringane til kommunane gjere det endå vanskelegare å drive, seier Eide.

Neste artikkel

Tidligere statsminister Kåre Willoch er død