Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mange oppfattar negativitet rundt mjølk

Sju av ti har høyrt, lest, eller sett noko negativt om mjølk eller mjølkeproduksjon det siste året, viser ei undersøking. – Me ser eit behov for å framsnakke norsk mjølk og mjølkeproduksjon, seier direktør Ida Berg Hauge i Opplysningskontoret for Meieriprodukter.

Sju av ti har høyrt, lest, eller sett noko negativt om mjølk. Foto: Moment Studio / Opplysningskontoret for meieriprodukter

– Me ser eit behov for å framsnakke mjølka fordi me ser at det er mange rare fakta og motførestellingar om og mot mjølka der ute. Det er generelt eit virrvarr av diskusjonar rundt mat i media og samfunnet elles, og då ser me at det også gjeld for på mjølka, seier direktør Ida Berg Hauge i Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no).

– Det dukkar opp mange synspunkt og meiningar om mjølk, og då prøver me å møte dette med fakta, seier Berg Hauge.

Mange har oppfatta at mjølk ikkje er bra

I januar 2019 vart ei landsrepresentativ Norstat-undersøking gjort på oppdrag for Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no).

Totalt 1007 vart spurt, og 71 prosent av dei spurte seier dei har høyrt, lest, eller sett noko negativt om mjølk dei siste 12 månadene.

42 prosent har fått oppfatning av at mjølk ikkje er så sunt som mange har trudd, medan 45 prosent har oppfatta at det ikkje er naturleg for menneske å drikke mjølk.

At mjølkeproduksjon ikkje er bra for miljøet har 50 prosent oppfatta, medan 35 prosent har oppfatta at mjølkekyr ikkje har det bra.

– Eg trur dette dreier seg om at dei har fått med seg noko i sosiale medium, massemedia, og i diskusjonar dei siste tolv månadene. Det er mykje snakk om berekraft, mat, og mjølk no, og det er utfordrande. Heldigvis meiner svært mange framleis at mjølk er sunt, men dei mange diskusjonane bidrar til at folk blir meir forvirra og blir usikre på kva dei skal tru på, seier Berg Hauge.

Annonse
Ida Berg Hauge, Direktør i Opplysningskontoret for Meieriprodukter (Melk.no). Foto: Patrick da Silva Saether

Vil betre ryktet med kunnskapsbank

I år er Opplysningskontoret for Meieriprodukter 15 år, og i jubileumsåret er det på melk.no lansert ein kunnskapsbank, kalla "Melkekilden" med over 250 spørsmål og svar om mjølk og meieriprodukt.

– Det er behov for ein faktabank, for det er så mange spørsmål og mytar som blir reist der ute som ikkje er faktabasert. "Melkekilden" er til bruk for både bønder, industri, bransjen, og forbrukaren, og me håper den gjer at ein brukar dei same faktaene i botnen når ein snakkar om mjølk og mjølkeprodukt, seier Berg Hauge.

– Det er viktig å få fram fakta både på helsespørsmål, berekraft, mjølkeproduksjon, mjølkekvalitet, og mjølkekua generelt. Me har brukt masse tid på å samle desse faktaene, og desse er basert på forsking, seier Berg Hauge.

Ho legg til:

– Me er fulle av beundring for dei norske mjølkebøndene som kvar dag jobbar steinhardt for å gi oss god og næringsrik mat. I Noreg har me ein produksjon og matvarer som me verkeleg kan vere stolte av, og det er viktig at alle bidrar til å framsnakke dei norske meieriprodukta.

– Kva håper de no at dei neste 15 åra for Opplysningskontoret for Meieriprodukter vil bringe?

– Målsetninga vår er å få stoppa at mjølkeforbruket går nedover, slik som det har gjort i over 50 år. Me vil få mjølka tilbake på bordet. Me meiner mjølk er ein veldig viktig del av folkehelsa og av kosthaldet vårt.

Neste artikkel

Engelsk universitet forbyr storfekjøtt