Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Løvenskiold gir ikkje opp Hakloa

Grunneigar Carl Otto Løvenskiold klagar inn vedtaket om ny ekspropriasjon av Vestre Hakloa i Oslo til Landbruksdepartementet.

Det nylege vedtaket frå Statens landbruksforvalting (SLF) om ny ekspropriasjon av husmannsplassen Vestre Hakloa vert anka av grunneigar Carl Otto Løvenskiold. Det stadfestar advokat Bjørn Stordrange, som representerer Løvenskiold i saka. Den 56 dekar store eigedomen vart i slutten av august på nytt ekspropriert til fordel for husmannsson Jo Arne Ødegård, som har kjempa for retten til å overta barndomsheimen sidan 1998. Les også: Grunneigar Løvenskiold vil vurdere ny anke i Hakloa-stridenI klagen kjem Stordrange til å argumentere for at ekspropriasjonsvedtaket frå SLF er ugyldig. - Det er ei rekkje grunnar til det. Vi kjem mellom anna til å hevde at staten er hindra frå å fatte nytt ekspropriasjonsvedtak når det førre vedtaket ikkje vart gjennomført. I tillegg står Løvenskiold på at vilkåra for ekspropriasjon ikkje er oppfylte fordi saka ikkje dreier seg om eit husmannsforhold. Ekspropriasjonssøkjar har aldri hatt ein husmannskontrakt med Løvenskiold. Det hadde heller ikkje far hans, seier Stordrange. Same argument som før Vestre Hakloa vart fyrst vedteken ekspropriert i 2005, og vedtaket har sidan vorte prøvd til topps i rettssystemet av Løvenskiold ein gong. Etter at Høgsterett i fjor avviste den siste klagen frå Løvenskiold, oppgav staten feil frist til å akseptere taksten på eigedomen. Fristen vart broten og rettane Ødegård hadde etter ekspropriasjonsvedtaket fall vekk. Les også: Staten kan ta rekninga i saka om husmannsplassen Vestre Hakloa i OsloI desember i fjor måtte han sende ny søknad om ekspropriasjon til Oslo kommune. I eit brev til landbrukskontoret i Oslo argumenterte Løvenskiold tidlegare i år for at den nye søknaden skulle avvisast. I brevet argumenterte advokatfirmaet Steenstrup Stordrange mellom anna for at forvaltinga ikkje kan handsame den nye søknaden frå Ødegård fordi saksforholdet allereie er avgjort frå Høgsterett med endeleg verknad. SLF avviste alle motargumenta frå Løvenskiold i sitt vedtak. Stordrange seier Løvenskiold er usamd i argumentasjonen frå SLF. - Har heimel i lova Jussekspert og professor emeritus Carl August Fleischer har tidlegare sagt han meiner Ødegård framleis har høve og rett til å krevje ekspropriasjon. - Meininga med tidsfristen som var sett er ikkje å hindre at saka vert gjennomført fullt ut. Ein tilfeldig feil - slik det er tilfelle her - skal ikkje hindre ekspropriasjon med heimel i lova, seier han. Les også: Ny runde med Ødegård og Løvenskiold om HakloaFleischer har heller ikkje tru på Løvenskiold sitt argument om at saka ikkje omhandlar eit husmannsforhold. - Det fall ein dom i Høgsterett i 1948 som omfatta Vestre Hakloa, og som slo fast at slike forhold var å rekne som husmannsforhold. Situasjonen er den same i dag. Klagen frå Løvenskiold vert sendt Landbruksdepartementet innan tysdag neste veke. Departementet vil ikkje kommentere saka før dei har sett nærare på klagegrunnlaget.

Annonse

Neste artikkel

MDG om Grytten-rapport: – Dette løser ingenting for bøndene