Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Liten kommune villig til å stå på for å overleve

– Angrep frå alle kantar, oppsummerer Bindals-ordførar Britt Helstad. Nasjonale politiske vedtak er ikkje akkurat laga for å gjere livet lett i ein liten kommune.

Ordførar Britt Helstad i Bindal kommune på veg om bord i båten og på tur ut til folk som bur litt lenger ut i kommunen. Som ordførar ville ho heller brukt tida på næringsutvikling enn å måtte kjempe for å vere liten kommune - som fleirtalet vil dei skal vere. Foto: Hildegunn Nielsen, Brønnøysund Avis

Kommunereform, regionreform, skulereform, samhandlingsreform, fastlegenorm, eigedomsskatt, kraftskatt, busetjing av flyktningar og så vidare og så vidare. Men akkurat no kanskje først og fremst kommunereform.

Ordførar Helstad representerer Arbeiderpartiet og er inne i si første periode som ordførar, men var varaordførar og vikarierte som ordførar førre perioden.

Bindal kommune

1486 innbyggjarar (01.01.2018)

68 kommunar har færre innbyggjarar enn bindal.

Folkerøystinga om kommunesamanslåing i februar resulterte i 308 ja-røyster, 642 nei-røyster og 9 blanke.

Valdeltakinga var rundt 78 prosent.

Ap har reint fleirtal i kommunestyret. Dei har ni representantar. Høgre/ Venstre har 5, Sp 2 og SV 1.

Kommunen ligg heilt sør i Nordland fylke. Grensar i nord mot Sømna og Brønnøy, i aust mot Grane, i aust og søraust mot Namsskogan, i sør mot Høylandet og Nærøy og i vest mot Leka.

Kjelde: Bindal kommune, SSB, Wikipedia

Kommunefakta

Ved årsskiftet var det 422 kommunar i Noreg.

Minste kommunen er Utsira, med 208 innbyggjarar.

29 av kommunane har under 1000 innbyggjarar.

95 kommunar har 2000 innbyggjarar.

158 kommunar har under 3000 innbyggjarar.

192 kommunar har under 4000 innbyggjarar.

221 kommunar har under 5000 innbyggjarar.

308 kommunar har under 10.000 innbyggjararar.

363 kommunar har under 20.000 innbyggjararar.

417 kommunar har under 100.000 innbyggjarar.

5 kommunar har over 100.000 innbyggjarar.

Største kommunen er Oslo, som hadde 673.469 inn- byggjarar ved årsskiftet. Kjelde: SSB

– Eg føler eg har arbeidd med kommunereform kontinuerleg. Det var tema på det første møtet med fylkesmannen eg stilte på i 2014 som ordførar og representant for Sør-Helgeland regionråd, og det ser ut til å bli eit tema også framover.

Med tvang

Ein merkedag, men ein slik dei ikkje heiste flagg for, var 21. februar 2017. Då fekk Bindal beskjed om at dei skulle tvangssamanslåast med Leka, Vikna og Nærøy. Sidan Bindal låg i Nordland og dei andre tre kommunane i Nord-Trøndelag, betydde det også at Bindal måtte bytte fylke.

– Vi har heile vegen vore mot samanslåing, men har kjørt prosessen. Vi må jo respektere politiske vedtak, det handlar om demokrati. Men det betyr jo ikkje at vi ikkje prøver å få gjort om på vedtaka, seier Helstad.

• Les også: Kritikk mot folkeavstemningene om kommunesammenslåing

Difor har Bindal vore med på å danne fellesnemnd, arbeidsutval og så vidare, og arrangere felles kommunestyremøte.

7. desember 2017 gjorde Stortinget om på tvangsvedtaket. Det var KrF som sette ned foten mot tvangssamanslåing for både Bindal og Leka og sikra fleirtalet.

I slutten av februar i år var det rådgivande folkerøysting. Det var stort fleirtal for å ikkje slå seg saman med Vikna og Nærøy som skal bli Nærøysund kommune.

Kommunestyret vedtok 1. mars at Bindal skal bestå som eigen kommune, i Nordland og med dagens kommunegrense.

Problematisk halvøy

Årsaka til den siste tilføyinga er ein situasjon på ei halvøy som heiter Austra. Ein del av øya tilhøyrer Bindal. Ein del av den øya høyrer til også til Nærøy og ein del til Leka. Dei som bur på Leka-delen har søkt om grensejustering, og ønskjer å bli ein del av den samanslåtte kommunen, og vil at resten av halvøya skal bli med over.

• Les også Hilde Lysengen Havros kommentar: Opprøret som ikkje gav seg

Kommunestyret i Bindal likar ikkje tanken. Ni prosent av innbyggjarane deira bur på Austra.

«Dersom det konkluderes med at hele Austra legges til en kommune, er det naturlig at dette er Bindal. En undersøkelse viser at et klart flertall av innbyggerne på Austra ønsker at Austra ved ei grensejustering skal legges til Bindal kommune. Bindal kommune har flest innbyggere på Austra, og leverer flere tjenester der enn de øvrige kommunene.», vedtek kommunestyret i Bindal.

Men det største spørsmålet no er om det skal kjørast ein prosess rundt justeringa, eller om saka berre skal leggjast bort.

– No orkar vi ikkje vere på fleire pinebenkar, no vil vi vite, seier Bindalordføraren.

Mistar flyktningane

No sist kom altså det med at små kommunar ikkje lenger skal få busette flyktningar.

– Vi er veldig leie oss for det. Det var i utgangspunktet eit kjempestort press på kommunane for å ta imot så mange som råd. Vi vart nesten uthengt av både media og politikarar fordi vi ikkje kasta oss på og sa ja til flyktningar med ein gong. Men Bindal låg med brekt rygg, etter at hjørnesteinsbedrifta Bindalsbruket med 40 tilsette hadde gått konkurs. Vi sa vi ville ta imot flyktningar når vi var klare til det. Så fekk vi tilsett flyktningkonsulent - drivande dyktig - som flytta til Bindal, starta jobben, og så fekk vi flyktningar på plass før vi visste ordet av det. Det aller kjekkaste er at flyktningane stortrivst, oppsummerer ordføraren.

Ho føler det å ta frå små kommunar flyktningar er ein måte å skvise desse kommunane på.

– Vi har 34 flyktningar no, og hadde lagt opp til 50, pluss familiegjenforening. Eg trur at mange flyktningar har det like bra, om ikkje betre i ein liten kommune. Det er klart at for ungdom mellom 18 og 20 ville det vore fleire tilbod å velje mellom i ein stor by, men for barnefamiliane er ein liten stad veldig bra. Her blir dei sett og prata med.

• Les også Eva Nordlunds kommentar: Tåkelegger kommunene

Mistar kraftkroner

Bindal er ein kraftkommune. Ordføraren har akkurat vore på samling med dei andre kraftkommunane i landet, og seier ho er skremt over endringane som er varsla.

Vi ser korleis regjering og storting vil redusere skatten på verker og bruk, og kalle det maskinskatt. Og så skal vi ha ny takst på alt, sjølv om det ikkje finst nok takstmenn til å få det gjennomført.

– Politikarane har blitt bedne om å sette ned eit ekspertutval, men det gjer dei ikkje. Det føler seg som verdsmeistrar, og vil ikkje høyre på råd. Vi andre får ikkje eingong innsynsrett. Det er ein skremmande politikk.

– Kor stort blir tapet for Bindal?

Vi veit ikkje, men at det blir tap, det ligg i korta.

Utvikle næring

Helst ville ordføraren brukt tida si på næringsutvikling.

– Vi er ein omstillingskommune, og har som mål at i 2020 skal vi ha 50 nye arbeidsplassar. Vi har fått på plass 27 av dei. Vi som bur her og mange andre har trua på oss. Det er berre regjeringa som ikkje har det.

Ho likar ikkje at ting er så uføreseielege. Det gjer det vanskeleg å planlegge.

Vi har heile vegen vore mot samanslåing, men har kjørt prosessen.

Annonse

Bindal er ein ganske stor havbrukskommune.

– I 2017 fekk vi ein halv million frå Havbruksfondet. For 2018 fekk vi først førespegla 15 millionar, det siste vi høyrte var 6 millionar. Då er det ikkje lett å lage økonomiplanar.

Ho meiner samfunnet skyt seg sjølv i beinet når dei gjer forholda vanskelegare for distrikta.

– Dei skjønnar ikkje at det er i distrikta verdiane blir skapte, og då må det bu folk i distrikta. Ingen ventar at det i Bindal skal vere tilbod som i Trondheim eller Oslo. Men vi må ha det vi treng. Ungane på skulen må ha breiband, all infrastruktur må vere på plass.

Trufaste legar

På lista over endringar som har rulla inn over kommunane er også forskrifter for fastlegar og legevaktar.

– Hadde forskrifta blitt gjennomført, ville vi innfridd. Vi har eigen legevakt, med fire legar.

– Kva har Bindal gjort for å få til det mange andre små kommunar ikkje greier?

– Vi har brukt pengar på det, og lagt til rette for legane. Det må vere fire for å få ein turnus til å gå rundt. To av legane har vore her i 30 år, men vi har også passa på å få nye.

Med på skrytelista er at dei greier å ta heim alle pasientar som vert skrivne ut frå sjukehusa.

Nordlendingar

– Kvifor var det så viktig å bli verande nordlendingar og ikkje bli ein del av Trøndelag? Bindal ligg i utkanten, uansett kva fylke det er snakk om?

– Vi har gode relasjonar til Bodø-miljøet. Det er der vi har høyrt til. For oss er det betre å vere ein utkant i Nordland enn i Trøndelag. For hugs at no snakkar vi om Trøndelag og ikkje berre Nord-Trøndelag. Å vere ein utkant i Trøndelag og ikkje ha relasjonar til Trondheims-miljøet, då hadde vi følt oss langt unna.

– Korleis ser du for deg framtida for Bindal kommune?

– Hadde regjeringa som var fått fortsette, trur eg at eg hadde resignert og gått for samanslåing. Då trur eg at vi som liten kommune ville blitt kvalt. Men i og med at vi fekk eit nytt Storting og at regjeringa sit i mindretal, har vilkåra blitt betre for oss.

• Les også: Forskar meiner samanslåing av kommunar vil svekkje lokaldemokratiet

Ho seier at då Bindal vart fristilt frå tvangssamanslåing, og at Stortinget var tydeleg på at økonomi ikkje skulle brukast for å få til tvangssamanslåing, tenkte ho at yess, det var akkurat det vi trong.

Men ho skulle gjerne har sett reknestykket for arbeidet som har gått med til kommunereforma, både i kroner og menneskelege ressursar.

– Den tida eg har brukt til kommunereform, kunne eg har brukt til å utvikle kommunen min, og ikkje minst til næringsutvikling. Og så trur eg at reformen har skapt uvenskap og øydelagt samarbeid som har vore bra og fungert bra.

Samarbeid mot sør

Men sjølv om Bindal høyrer til Nordland, er kommuneleiinga ofte i Trøndelag.

– Både for helse, brann, politi og renovasjon samarbeider vi sørover.

Ordføraren snakkar mykje om å sikre kompetanse.

Bindal har fått det til på helsesida, også ut over fastlegane og legevakta. Ordføraren trur eit av knepa er at kommunen alltid set av pengar til at skuleelevane i kommunen - alt frå ungdomsskulen, kan få sommarjobb i kommunen, gjerne i omsorgssektoren.

• Les også Irene Halvorsens kommentar: Reiser seg i distriktsopprør mot det blåblå

– Difor har det aldri vore vanskeleg for oss å skaffe for eksempel sjukepleiarar. Dei begynner alt i ungdomsskulen, som selskap for dei gamle, så finn dei ut at dei likar arbeidet, og går vidare og tek utdanning.

Ein del av dei som har arbeidd som ufaglærte, har også blitt sjukepleiarar gjennom desentralisert utdanning.

– Vi må byggje den kompentansen vi treng sjølve, anten det er snakk om kreftsjukepleie, geriatri eller demens.

Det får dei til, det dei manglar er arbeidsro.

– At det blir endringar for bindalingane er ikkje til å kome frå, vi kjem til å tape inntekter i det nye inntektssystemet og elles. Men vi ønskjer å styre endringane sjølve, og ikkje bli styrt av andre. Som del av ein store kommune blir vi småe, og med liten og ingen styringsrett, seier ordføraren.

Neste artikkel

Ser ikke Mæland forskjellen?