Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lite om EU i norske skulebøker

Samfunnsfagbøkene for vidaregåande skule omtalar knapt EU og Noregs forhold til Unionen.

EU har dei siste åra fått grunnlov, rådspresident, eigen utanrikssjef og ei endra maktfordeling som mellom anna har innverknad for Noreg sitt forhold til Unionen.

For tida brukar den europeiske fellesskapen det meste av tida på handtere ei finanskrise som kan få store følgjer for samarbeidet.

Denne informasjonen er det i stor grad opp til lærarar og elevar i den vidaregåande skulen å finne ut av sjølv. Lærebøkene gjev lite hjelp.

Ein gjennomgang av åtte av bøkene som vert brukt i det obligatoriske samfunnsfaget i den vidaregåande skulen, syner at EU-systemet og Noreg sitt forhold til EU vert handsama på mellom tre og seks sider. Det svarar til under 2 prosent av innhaldet i bøkene.

Fredrik Sejersted, som leidde arbeidet med Europautredningen, seier det trengst eit seriøst kunnskapsløft i skulen om Noreg sitt forhold til EU.

- Burde vore jobba meir med

I rapporten Sejersted-utvalet la fram i januar går det fram at Noreg tilpassar seg om lag 3/4 av EU-reglane. Utvalet påpeikar også at forholdet til EU er meir omfattande enn dei fleste såg då EØS-avtalen vart inngått i 1992.

I seks av dei åtte skulebøkene vert EU-samarbeidet utelukkande handsama som utanrikspolitikk.

- Bøkene tek for seg dei norske folkeavrøystingane i 1972 og 1994, men sluttar der. Det står lite om den omfattande EU-tilpassinga som har vore røynda i Noreg dei siste tjue åra, seier Sejersted.

Bokforlag og samfunnsfaglærarar Nationen har snakka med syner til at lærebøkene følgjer måla i læreplanen.

Ifølgje læreplanen for samfunnsfaget som er obligatorisk for alle ?på vidaregåande, skal elevane kunne «gjere greie for EU sine mål og ?styringsorgan og diskutere Noreg sitt forhold til EU».

Annonse

Fagkoordinator Svein Higraff ved Firda vidaregåande ser ikkje tid til å gå meir i djupna om planen skal følgjast.

Eitt grep har Firda vidaregåande likevel gjort for å gå meir i djupna komande skuleår, og det er å skifte lærebok til ei som ifølgje Higraff er både betre og nyare.

Fram til no har skulen hatt samfunnsfagbøker frå 2006. Det er ikkje Firda åleine om.

Utdaterte bøker

Ein ringerunde blant nokre vidaregåande skular syner at fleire av økonomiske årsaker framleis brukar 2006-utgåver av bøker, sjølv om det finst versjonar frå 2009 av dei fleste.

Tom Skovdahl, som er forlagssjef i det som inntil nyleg var Samlaget Utdanning, har tal som tilseier at om lag halvparten av skulane som tok inn boka «Streif» i 2006 har bytt til ny utgåve seinare.

Aschehoug undervisning har også tal som tilseier at vel halvparten av skulane som tok i bruk den marknadsleiande «FOKUS. Samfunnsfag» i 2006, har bytt til ny utgåve i 2009 eller seinare, ifølgje leiar Atle Skilbrei i marknads- og salsavdelinga.

Lærebøkene har nettsider, men dei er ikkje alltid oppdaterte. I det nettbaserte tilleggsstoffet til ei av dei mest brukte bøkene står det i dag at 13 statar har euro som fellesvaluta. Det er fem år sidan det stemde.

Les meir i Nationens eavis eller papirutgåve laurdag 18. august.

Neste artikkel

– Redd det bare blir verre med dagens regjering