Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Lars Peder Brekk rosar NorgesGruppen for lokalmat-satsing

- Bra at NorgesGruppen satsar på lokalmat, seier landbruksministeren.

Landbruks- og matminister Lars Peder Brekk (Sp) skryt av Norgesgruppen og Asko, som i førre veke lanserte ein ny modell for distribusjon av lokalmat.

- Eg har vore oppteken av å utfordre daglegvarekjedene på å få opp omsetnaden av lokalmat. Lokalmatproduksjonen er heilt avhengig av å få betra distribusjonen for å kunne vekse i marknaden, seier Brekk, som seier han ser initiativet til Norgesgruppen som ei forlengig av debattane etter at Matkjedeutvalet presenterte matmaktrapporten i april.

Les også: Steensnæs nøgd med initiativ

For mange lokale produsentar er det vanskeleg å få varene ut i butikkane, av di distribusjonen ikkje er på plass.

- Daglegvarekjedene fekk klar melding om å betre vareutvalet i butikkane, mellon anna i Matkjedeutvalet sin rapport. At Norgesgruppen og Asko no tek initiativ og ansvar er veldig bra, seier Brekk.

Les også: Ny distribusjonmodell for lokalmat

Landbruksministeren seier det er eit hat-kjærleik tilhøve mellom daglegvarebransjen og landbruksdepartementet, og at det er viktig for han å støtte opp om gode forsøk i daglegvarebransjen.

Etterspurnaden må opp

Annonse

Brekk legg ikkje skjul på at etterspurnaden frå forbrukarane også må aukast. Nationen har tidlegare skrive om osteprodusenten "Den blinde ku", som fekk tilgang til over 1000 daglegvarebutikkar i Noreg, men som måtte trekkje seg ut av butikkane av di det var dårleg omsetnad på varene.

Les også: NorgesGruppen satser på mer lokalmat

- Målet er å få meir lokalmat inn i butikkhyllane, og vidare opp i handlekorga til forbrukarane. Då må norske forbrukarar auke etterspurnaden etter lokalmat, seier Brekk.

Sp-politikaren seier grunnlaget for at lokalmat kan bli ei viktig tilleggsnæring er at volumproduksjonen blir oppretthalden.

- På lang sikt kan lokalmat utgjera mellom 10 og 20 prosent av den norske matmarknaden, seier Brekk, men understrekar at det er eit stykke fram.

- Legitimiteten til matproduksjon i Noreg er avhengig av at forbrukarane etterspør norsk mat, seier Brekk.

Les også: Lokalmat er populært

Les også: Vil ha eigne utsalsstader for lokalmat

Neste artikkel

Sjømatjubel over frihandelsavtale