Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Landbruksbloggen: Bonden eig Norges beste merkevare

Trur du at «branding» er noko nytt eller at Gilde er sidrumpa og lite innovativ? Her kan du få deg ei overrasking. Spekepølsa Tiriltunga, Norges nest eldste varemerke, var på USA-turné allereie på 1930 talet og Gilde var den første merkevaren som hadde innhaldsdeklarering i Norge, skriv Kari Redse Håskjold på Landbruksbloggen.

Røyking av mat i eldhus er ein levande tradisjon på Vestlandet. Tiriltunga vert røykt i eldhus over opne bål av oreved den dag i dag. Eldhus på Evanger har tradisjonar tilbake til 1926.
Røyking av mat i eldhus er ein levande tradisjon på Vestlandet. Tiriltunga vert røykt i eldhus over opne bål av oreved den dag i dag. Eldhus på Evanger har tradisjonar tilbake til 1926.

Bumerke, eller varemerke, som vi kallar det i dag, har vore i bruk i tusenvis av år. Ja, du les rett! Arkeologane har nemleg funne 5500 år gamle gjenstandar med segl som indikerer kven som har laga dei. Vikingane brende bumerka sine på skip og anna gods. På gammalnorsk heitte desse brennemerka "brandr", og er opphavet til dagens utttrykk "branding", som dei fleste trur er engelsk. Bumerket var eit løfte til kjøparen.

I mellomalderen fekk brennevinskaggar svidd inn eit merke, som også var ein garanti for at innhaldet ikkje var utvatna. Dersom løftet vart brote, forsvann truverdet, og slik fekk anerkjende merke ein eigenverdi.

Dei eldste varemerkelovene i Europa går attende til 1850-talet. Den første norske varemerkelova er frå 26. mai 1884, og kom på bakgrunn av eit svensk initiativ om å harmonisere lovgivinga for varemerke i dei skandinaviske landa. Det vart oppretta eit eige kontor i Kristiania for registrering av varemerke. Pågangen var stor, spesielt frå utanlandske produsentar som hadde venta på at ei slik lov skulle verte vedteken i Norge.

Den første norske varemerkesøknaden vart innlevert den 3 januar 1885. Søknaden kom frå Frydenlund-bryggeriet, som ville verne om bokstavane ML i kombinasjon med ei stjerne. Dette er eit utdrag frå Hans Christian Erlandsen si tekst til Patentstyret si jubileumsbok "100 år med gode ideer".

Gilde 50 år

I 1964 vart Gilde-merket teke i bruk som eit landsdekkande varemerke for kjøtprodukt. Som den første leverandøren av ferske kjøtprodukt, tok Gilde i bruk produktetikettar, der alle ingrediensane vart deklarerte. Innhaldsdeklarering var lansert! Gjennom 50 år har Gilde-merket levd eit spennande liv og endra litt image etter trendar i tida. Ein ting har likevel stått fast: ein tydeleg og direkte kommunikasjon til forbrukarane. I 1996 kåra MMI Gilde til Norges best likte merkevare!

Konkurransekrafta i Gildemerket ligg i ein balanse mellom nyskaping og tradisjon. Det mest innovative kan dermed vere å ta vare på noko av det som særpregar norsk matproduksjon, nemleg god dyrehelse avla fram gjennom langsiktig arbeid. Sunnheit og helse er viktig når nye produkt skal skapast, då er god dyrehelse også viktig for å ha det beste råvaregrunnlaget.

Gilde er i dag eigd av 18 800 bønder gjennom selskapet Nortura, Norges største merkevarehus innan kjøtt- og eggprodukt.

Norges nest eldste varemerke

Likevel har vi merkevarer i Nortura-familien som har ei endå lengre historie enn 50-åringen Gilde. Fabrikken med eldhus på Evanger vart kjøpt inn i kjøtsamvirket i 1932, altså for 84 år sidan. Deler av Vestlandet har lang historie på røyking av kjøt, både som konservering og som smakstilsetting. Denne tradisjonen lever i beste velgåande på Nortura Evanger, og har overlevd fleire forsøk på nedlegging.

I 1992 kom eg dit som tillitsvald bonde og skjøna at fabrikken hadde ei skjør framtid. EØS-tilknytinga Norge hadde med Europa, kom med nye krav om stål og betong i staden for treverk, som var impregnert med orevedrøyk og naturlege bakteriekulturar. Etter godt arbeid frå fleire eld(hus)sjeler, fekk fabrikken leve vidare i noko fornya drakt. Som biletet viser, består dei gamle eldhusa, og produkta vert røykte over open eld med bruk av oreved. Kvifor oreved? Jau, fordi dette treslaget evnar å samle nitrogenknollar på røtene sine. Dette vert avgitt i form av nitrat, når veden brenn. Nitrat er eit konserveringsmiddel mykje brukt mellom anna i kjøtindustrien. Oreveden har den i seg i naturleg form.

Norske matbedrifter ynskjer turistane velkomne til Norge

Annonse

På Grüne Woche, ei av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og reiseliv, i Berlin i slutten av januar, vart Tiriltunga og Vossakorven servert på Fjord-Norge sin stand. Det var dei fire fjordfylka Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordland og Rogland, som gjekk saman for å profilere produkt og natur for å lokke endå fleire tyske turistar til Norge. Vi kan vere stolte, for vi har mykje å vise fram og mykje godt å smake på.

Saman med Bente Jorunn H Sundheim, som no er fabrikksjef på Evanger, var det ei stor glede å få lov til å profilere dei flotte produkta til Nortura Evanger! Eg vart imponert over kor mange av dei som besøkte messa som alt hadde vore i Norge og gjerne vil kome att. Derfor er det rett og viktig at norske matbedrifter er representerte på ei av dei største forbrukarmessene i verda. Ikkje for å eksportere kjøtprodukt, det er svært vanskeleg med norsk kostnadsnivå, men for å ynskje turistane velkomne til Norge!

Tiriltunga på verdsturné på 1930-talet

Når spekepølsa Tiriltunga er det nest eldste varemerket i Norge, syns eg det er på sin plass å fortelje litt av historia bak. Namnet Tiriltunga fekk spekepølsa med bakgrunn i ein utlyst konkurranse på barneskulen. Den vesle jenta vann konkurransen fordi ho syntest Tiriltunga var slik ein fin blome. Etter framlegg frå Olav Bjørgum, fekk laget registert Tiriltunga som varemerke, og under dette merket har pølsa sidan vorte marknadsført og kjend over store deler av landet.

I 1932 kjøpte Salslaget, som seinare vart Vestlandske Salslag, spekepølsefabrikken til Nils Brunborg på Evanger for kr. 10.500. Dermed vart fårepølsefabrikasjonen flytta dit og kom no i gang for alvor. Like etter dette, var Salslaget på messe i Oslo og lanserte fårepølsa. På Vestlandsmessa same året fekk laget gullmedalje for produkt av kjøt og flesk. I 1933 deltok Salslaget på Vestlandsveka med utstilling av varer laga av sauekjøt. I 1935 synte laget fram ein vestlandsrett av smalekjøt på ei utstilling i Oslo.

På Verdsutstillinga i New York i 1939 deltok Salslaget med 1000 kg Tiriltunga til smaksprøver. Pølsa vart vel omtykt. Fabrikken vart snart for liten og vart utvida i fleire byggesteg. Alt i 1933 vart fabrikken godkjend som eksportslakteri for fårepølse i samband med planar om eksport. Laget fekk deretter i stand sendingar til Amerika kvart år heilt til krigen kom. Det var ikkje så store mengder. I 1938 vart det sendt 25 kasser. Dette hadde god reklameverdi for salet innanlands!

Etter krigen har ein prøvd å få eksporten i gang att, men strenge restriksjonar frå USA har gjort det vanskeleg. Dessutan vart det god avsetnad innanlands for heile produksjonen fordi Tiriltunga var etterspurd på grunn av jamn og god kvalitet.

Om Nortura greier å fortsette med høg kvalitet og spennande produkt, trur eg både Gilde og Tiriltunga kan verte spreke 100-åringar!

Kari Redse Håskjold er nestleder i Nortura.

Neste artikkel

Tenk på hvordan du bruker pengene dine!