Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Landbruks- og matdepartementet vil endre odels- og jordlova

Landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum føreslår å mjuke opp og forenkle odelsloven. Det blir òg jobba med grep for å gjere det lettare å dele frå jord.

I går sende Landbruks- og matdepartementet ut eit forslag på høyring om å innskrenke odelskrinsen og å oppheve reglane om odelsfrigjering ved kjøp av tilleggsjord.

Sjekk ut heile høyringsnotatet

Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) seier målet er å endre odelsloven for å bevare han, i tillegg til å få fleire eigedomar for sal.

- Odelsloven har vore under angrep. Vi gjer nå endringar for å bevare odelsloven og den viktige rolla loven spelar for landbruket. Odelsretten blir innskrenka frå å vere ein slektsrett til ein rett for kjernefamilien. I tillegg føreslår vi forenkling på odelsfrigjering, som vil gjere det lettare for bønder å kjøpe tilleggsjord. Det blir ein stor forenkling i lovverket og det blir lagt til rette for meir kjøp og sal av eigedom, seier Vedum.

Færre skal ha odelsrett

I november varsla regjeringa at den nedre beløpsgrensa for prisregulering på landbrukseigedomar skal aukast frå 1,5 til 2,5 millionar kroner. Det gjer at fleire eigedomar kan seljast fritt utan priskontroll.

Les også politisk redaktør Pernille Husebys kommentar: Landbrukets kart og terreng

I går følgde Landbruksdepartementet opp med forslag til endring i odelslova. Odelskrinsen blir foreslått avgrensa til barn av eigar med odelsrett og barnebarn av siste eigar med odelsrett. Fjernare slektningar som nieser og nevøar skal ikkje lenger ha odelsrett.

- Det blir berre barn og barnebarn i rett nedgåande linje som får odelsrett. Det sikrar den nære familien odelsrett, og det er òg større forståinga for at nær familie har den retten samanlikna med meir fjerne slektningar. Dermed sikrar vi det beste med odelsloven inn i ei ny tid, seier Vedum.

Les også: - Slektsfølelse hemmer salg av gårder og småbruk

Landbruksministeren trur tiltaka over tid vil gi større omsetning av landbrukseigedom. I tillegg håper han endringane kan gi færre konfliktar.

Kan bli slutt på odelsfrigjering

Vedum føreslår òg å oppheve reglane om odelsfrigjering ved kjøp av odelseigedom som tilleggsjord.

- Særnorsk lov nedfelt i Grunnloven med røter frå vikingtida.

Annonse

- Det er svært få slike saker, i snitt åtte per år, og det vil vere ei forenkling om forslaget blir vedteke, seier Vedum og viser til at det ofte er kompliserte saker å behandle.

Forslaget vil i praksis føre til at kjøparar av tilleggsjord mister sjansen til å søkje om odelsfrigjering om personar med odelsrett til jorda vil ta odelsretten i bruk.

Isolert sett kan forslaget om å oppheve reglane om odelsfrigjering vanskeleggjere kjøp av tilleggsjord, medan innskrenking av odelskrinsen truleg vil gjere kjøp av tilleggsjord enklare.

Les også: Odelshavere stevnet Ola Borten Moe etter kjøp av tilleggsjord

Kan bremse leigejordvekst

Den siste tida har Nationen omtalt at 42 prosent av jorda blir leigd ut. Vedum utelukkar ikkje at forslaga, saman med eit pågåande arbeid for å mjuke opp delingsreglane i jordlova, kan dempe veksten i leigejordomfanget.

- Forhåpentlegvis gir endringa større samsvar mellom drivarar og eigarar av jorda, men vi vil nok ha høg leigejordprosent òg framover, seier han.

- Er all leiginga eit problem?

- På eitt vis er det ei naturleg utvikling når maskinparken blir betre og ein driv meir effektivt, og vi kan ikkje klandre dei som ikkje vil selje jorda. Ein skal vere forsiktig med å problematisere det for mykje, men det er eit langsiktig mål å få større samsvar mellom drivar og eigar av jord, seier Vedum.

Frådeling skal bli lettare

I Nationens e-avis kan du også lese om korleis næringspolitisk talskvinne i Sp, Irene Lange Nordahl vil gjere det lettare for bønder å kjøpe jorda dei leiger.

Neste artikkel

Debatten var det tredje mest sette programmet tysdag: – Bra vi fekk sette landbruk på dagsorden