Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Laksetrappene skal restaurerast

Fleire av fisketrappene i Noreg fungerer for dårleg. No vil staten restaurere eller byggje om over 80 trapper rundt om i landet.

I dag finst det i overkant av 420 fisketrapper i Noreg. Omtrent 360 av dei er meint for anadrome laksefisk, det vil seie fisk som sym frå havet og opp i elvar for å gyte.

Ein gjennomgang gjennomført av Direktoratet for naturforvaltning (DN) viser at mange av trappene ikkje fungerer godt nok, og rundt 80 av trappene må restaurerast eller byggjast om. Finnmark, Nordland og Nord-Trøndelag har flest anlegg med behov for restaurering, ifølgje ei pressemelding.

Totalt vil det koste 16-17 millionar kroner å gjennomføre tiltaka, som er planlagt gjennomført over ein femårsperiode, frå 2011 til 2015. Dei foreslåtte tiltaka er ein del av den reviderte handlingsplanen for restaurering av fisketrapper for anadrome laksefisk, som no er ute på høyring.

Les også: En av fire lakseelver fortsatt stengt

Annonse

Fisketrapper er konstruert for at fisken skal kunne ta seg forbi naturlege eller kunstige hinder i elva. Trappene gir fisken tilgang til større areal for å reprodusere seg og vekse opp, slik at grunnlaget for bestanden vert styrkt.

DN gir kvart år tilskot til restaurering og bygging av fisketrapper med midlar frå Statens fiskefond.

I år er det gitt tilskot til restaurering av trapper i Mathiselva, Kongsfjordelva, Repparfjordelva og Stabburselva i Finnmark, Todalselva i Møre og Romsdal, Aagaardselva i Østfold og Øyensåa i Nord-Trøndelag, fortel NRK. (©NPK)

Neste artikkel

Tidenes laveste lakseinnsig til norske elver i 2021