Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvotejakt på 82 gauper

Sjølv om det nasjonale bestandsmålet for gaupe ikkje er nådd, opnar Miljødirektoratet for kvotejakt på til saman 82 gauper neste år.

Talet på familiegrupper med gaupe i Noreg har auka med sju sidan i fjor. Foto: Bente Haarstad
Talet på familiegrupper med gaupe i Noreg har auka med sju sidan i fjor. Foto: Bente Haarstad

I 2015 er det registrert 60,5 familiegrupper med gaupe i Noreg, det vil seie litt over 350 dyr. Talet på familiegrupper har auka med sju sidan i fjor. Direktoratet opnar for jakt sjølv om bestanden ligg under det nasjonale bestandsmålet er på 65 årlege familiegrupper av gaupe.

– Dette er gjort ut frå ei vurdering om at bestanden er i vekst, og at det er sannsynleg at han framleis kjem til å auke etter at kvotane er tatt ut. Vi har òg lagt særleg vekt på skaden gaupa gjer på sau og tamrein, og kvotane er meint å redusere skadeomfanget, seier fagdirektør Morten Kjørstad i Miljødirektoratet.

Les også: Kan felle 25 gauper i 2016

Annonse

Gaupejakta frå 1. februar til 31. mars 2016 blir som i år kvotefri i jaktregionen Vest-Noreg. Midt-Noreg får elles den største kvoten med 30 dyr, deretter kjem Sør-Noreg med 25 dyr, Oppland med 12, Troms og Finnmark med 8, Nordland med 6, mens Oslo/Akershus/Østfold får ein kvote på 1 gaupe. I Hedmark blir det heller ikkje neste år gaupejakt.

Den samla hodyrkvoten er på 24 dyr.

Neste artikkel

Gaupebestanden øker i Norge og Sverige