Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kvinner i Lom har skapt landets beste bibliotek

- Vi meiner hovudoppgåva vår er å prate bøkene ut av hyllene og motivere folk til å lesa, seier bibliotekleiar Rita Mundal ved Lom folkebibliotek.

For få dagar sidan fekk biblioteket hennar prisen Årets bibliotek 2012 under ei stor markering av 100-årsjubileet til Norsk Bibliotekforening i Oslo.

- NaturstridigBibliotekekspertar over heile landet er både begeistra og imponert over det unike litteraturmiljøet bibliotekarane i Lom, Rita Mundal og Merete Byrøygard, har fått til i den vesle fjellbygda.

Les også: Lom folkebibliotek er Årets bibliotek 2012

- Lom folkebibliotek er nærmast naturstridig. Det skal ikkje vere mogleg å få til så mykje kreativt i eit bibliotek med drygt to stillingar, i ei bygd med to tusen innbyggjarar, midt i fjellheimen, seier redaktør Anders Ericson i Bibliotekforum.

Folkebiblioteket i Lom hadde i 2012 eit utlån som er dobbelt så høgt som landsgjennomsnittet. Dei 2400 innbyggjarane i kommunen låner i snitt over 10 bøker kvar i året.

Bokblogg med gonzoDei tilsette legg da også stor vekt på å oppsøke og skape unike litteraturtilbod for folk i alle aldrar i fjellbygda.Biblioteket i Lom får ekstra mykje ros for bloggen «3 vise kvinner». Her brukar dei mange uvanlege verkemiddel for å pushe enda fleire forfattarar og bøker på brukarane.

Stilen på den svært populære bloggen er både personleg, direkte og sjølvironisk - ofte på grensa til rein gonzo-journalistikk.

Annonse

- «Bølle-bibliotekarar»- Vi har alltid drøymt om å vere litt «bølle-bibliotekarar» - gå opp nye stiar, seier Norges beste bokpusharar og ler.

Mundal og Byrøygard såg på nominasjonen til årets bibliotek som ein siger i seg sjølv for eit lite bibliotek i Distrikts-Noreg.

- At vi gjekk av stad og vann er nesten ikkje til å tru. Det er sjølvsagt ei stor ære og ein enorm inspirasjon til å stå på vidare for biblioteket, brukarane våre og litteraturen, seier Mundal.

Dei tykkjer det er ekstra stas at prisen går til eit lite bibliotek med relativt små ressursar.

- Det er slike bibliotek det er klart flest av i landet, og det er veldig hyggeleg å bli lagt merke til og heidra på denne måten, seier Mundal.

Les heile reportasjen i Nationens eavis eller papirutgåve laurdag 19. januar.

Neste artikkel

Klart for bok om «Søsken til evig tid»