Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kritiserer tollvernet

Inger Lise Hansen brukte siste dagen som KrF-nestleiar til å skape debatt om norsk landbrukspolitikk.

Under landsmøtet i KrF i dag tok nestleiar Inger Lise Hansen til orde for å redusere tollvernet og kutte støtteordningar som hindrar fattige land frå å auke eksporterten av landbruksprodukt.

- Vi kan ikkje nedkjempe fattigdom utan å gje bønder i fattige land betre marknadstilgang. Ordningane i dag med nulltoll for nokre land, er ikkje nok. Fattige land må få meir særhandsaming, seier Inger Lise Hansen.

- Vi må gjere endringar

Ho meiner Noreg i dei nyleg oppstarta WTO-forhandlingane må gå aktivt inn for å sikre ei løysing som kan gje gode rammevilkår for dei fattigaste landa.

- Greier vi ikkje å få til dette, vil dei fattige landa halde fram med å vere avhengige av bistand, seier ho.

Hansen meiner Noreg er flinke på utvikling gjennom bistand og gjeldsslette, men synest landet har eit stort betringspotensiale når det kjem til handel og investeringar i fattige land.

- Nokon ser utviklingspolitikk som rettvise, andre som barmhjertigheit. Eg meiner rettvisa er viktigast. Då må vi vedgå at også vi må gjere endringar.

KrF-nestleiaren kallar det vidare dobbeltmoralsk å verne eigen landbruksproduksjon og kortreist mat med miljøargument når vi samstundes sender fisken vår jorda rundt mange gonger.

- Eit større perspektiv

Ho understrekar at utspelet hennar ikkje er meint som noko åtak på norske bønder.

- Eg er for å oppretthalde norsk landbruk, men vi må vedgå at fattige land treng større tilgang på verdsmarknaden, og at vi sjølve ta litt av støyten for å få det til. Dette handlar ikkje om den norske bonden, det handlar om eit større perspektiv, seier ho.

Ifølgje Hansen ligg løysinga i å leggje om norske landbrukssubsidiar slik at dei i mindre grad stimulerer produksjon.

Annonse

- Vi kan gjerne oppretthalde særtoll på særleg sensitive produkt, som for Noreg sin del vil seie mjølk og kjøt, men vi må gjere om på ordningane som gjer at vi i dag er med på å dumpe mat på verdsmarknaden.

- Eg meiner ikkje at Noreg er den store stygge ulven, men eg trur ikkje vi kan vente at tunge aktørar som EU og USA skal gjere noko om vi ikkje også tek tak sjølv, seier Hansen.

Lite støtte blant eigne

Utspelet hennar møtte kritikk frå partikollegaar frå fyrste stund. Frå talarstolen på landsmøtet argumenterte Jan-Erik Sundby i Østfold KrF med at det ikkje er motsetnad mellom norsk landbruksvern og det å samstundes opne for meir import. Stortingspolitikar Rigmor A. Eide tok til orde for å tryggje norsk matproduksjon.

Resolusjonskomiteen i partiet har også lagt fram eit forslag til politisk fråsegn om å leggje rette til rette for meir matproduksjon og å halde på tollvernet.

- Ei opning for verdsmarknaden gjennom krav til låge tollsatsar for alle kan snarare opne for dei store multinasjonale selskapa som i sin tur utkonkurrerer lokal produksjon i dei fattige landa, går det fram av fråsegna.

Fråsegna inneheld også ei formulering om at marginane for inntening i norsk landbruk er så små at heile næringa kan verte rasert dersom tollvernet vert bygd ned.

Inger Lise Hansen er ikkje nøgd med det føreslegne fråsegna og ser ikkje vekk frå at ho vil føreslå endringar i denne dersom det vert høve til det.

Ho er likevel fullt klar over at ho ikkje har heile partiet bak seg.

- Det er difor eg tek dette opp. Det er viktig at nokon vågar å ta bladet frå munnen. Skal vi gjere fattigdom til historie, så vil det smerte litt, men det er naudsynt for å kome nokon veg.

Neste artikkel

Regjeringa får beskjed av sine egne – vil kutte i importen av kjøtt fra sørafrikanske land