Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kritiserer kutt i biogassmåla frå dyremøkk

Fagfolk og forkjemparar meiner regjeringa kan oppnå store klimakutt og meir fornybar energi ved å legge om støtta til biogass. Signala om reduserte ambisjonar får kritikk.

Rett før jul kom eit signal som ikkje fell i god jord verken blant bønder eller miljøvernorganisasjonar.

Statssekretær Ola T. Heggem (Sp) gjorde det klart at regjeringa vil redusere ambisjonsnivået når det gjeld å utvinne biogass frå husdyrgjødsel. Eit signal som kjem eit snautt år etter at regjeringa varsla at 30 prosent av husdyrgjødsla her i landet skal gå til biogass innan 2020.

Økonomi blir trekt fram som viktigaste årsak. Kan bli stopp fleire stader Samtidig blei det også klart at det største biogassanlegget som er under planlegging, Hå biopark på Jæren, ikkje kan vente seg nødvendig statleg drahjelp.

Annonse

Reaksjonane er ikkje berre sterke på Jæren og blant miljøorganisasjonar. På Ørlandet i Trøndelag fryktar eit anna planlagt biogassanlegg for følgjene. - Vi fekk tildelt ni millionar kroner frå Enova i november for å dekkje ein god del av investeringssummen, men vi var usikre på realiseringa også før dei nye signala kom frå regjeringa. Også vi må truleg ha ekstra driftstilskot for å få det til å gå rundt, seier Arne Hernes. Han er styremedlem i samvirkeføretaket Biogass Fosen SA og Agroenergi AS, som er to av verksemdene som er involvert i planane om biogassproduksjon basert på 50.000 tonn husdyrgjødsel. - Å utvinne biogass frå husdyrgjødsel er svært bra ressursbruk, og gunstig for miljø og klima. Det er rart å kalle det dyrt. Dyrt i forhold til kva i tilfelle? Månelandinga til regjeringa er ikkje akkurat gratis den heller, seier Hernes. I Vestfold er det også eit større biogassanlegg under forprosjektering, men der er arbeidet ikkje kome så langt at ein kan seie noko om driftsøkonomien, ifølgje bondelagsleiar Hans Edvard Torp. - Eg tykkjer også at regjeringa er alt for passiv, og dessutan er ikkje biogass frå husdyrgjødsel ei sektorsak. Biogass frå dyremøkk er eit viktig samfunnsspørsmål for ei samla regjering, ikkje berre Landbruksdepartementet, seier Torp, som sit i styringsgruppa. - Bør leggje om støtta Ein av aktørane som gir faglege råd om gardsanlegg for biogass er Jens Måge i BioWaz. Han fortel at mange bønder er interessert i å starte med biogassproduksjon, men at støttesystemet bidrar til at det er ein tungrodd og komplisert prosess.

Til nå er det mindre enn ei handfull anlegg som er realiserte. Måge meiner det hastar. - Det er svært viktig å få anlegg opp og gå raskt slik at interessa ikkje daler, seier han. Måge meiner regjeringa først burde vurdere korleis ein kan oppnå målet på biogass, før dei begynner å kutte i ambisjonane. Sjølv meiner han at Norge har mykje å lære av til dømes Tyskland, Italia og England når det gjeld støttesystem for biogass basert på husdyrgjødsel. - Å få ei satsing på biogass handlar ikkje nødvendigvis så mykje om meir pengar, men om korleis støttesystemet er skrudd i saman. I Tyskland og fleire andre land gir dei eit fast støttebeløp etter volum. Pengane går til drift i staden for ein prosent av investeringa. Volumet er enkelt å kontrollere. Det krev ingen komplisert søknadsprosess og risikoen blir mindre for produsent. Faste driftstilskot er ein enkel og ubyråkratisk måte som opnar for ein mykje raskare utbyggingstakt, seier Måge. Ubyråkratisk klimastøtte Måge meiner det ville vere naturleg å knytte driftstilskotet til volumet av husdyrgjødsel som går igjennom biogassanlegget. - På den måten ville støtta først og fremst gå til reduserte utslepp av metan og lystgass, som er svært klimaskadelege gassar. Rapporteringa kunne skjedd gjennom allereie etablerte rutinar, seier han. Forslaget om ei omlegging av støtta blir tatt imot med opne armar av bøndene bak biogassplanane på Fosen. - Det er akkurat eit slikt Feed In-system vi har etterlyst. Det vil vere enkelt, ubyråkratisk og god distriktspolitikk. Slik det er nå er alt usikkert, seier Hernes.

Neste artikkel

SV vil øke CO2-avgift til bøndene – men «gi tilbake» med nye klimatilskudd