Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KrF, Sp, SV og Venstre nær sperregrensa på ny meiningsmåling

Småpartia er ikkje uroa over oppslutninga i februarmålinga, men valforskar meiner ingen bør føle seg trygge med tanke på sperregrensa.

Ingen av dei fire småpartia SV, Sp, KrF og Venstre får over 5 prosent oppslutning på februarmålinga Norfakta har utført for Klassekampen og Nationen. Les også: Trur på sterkare sentrum med Borten MoeIkkje sidan desember 2010 har dei fire partia samstundes lege så lågt på målingane. Ingen uro å spore Valforskar Anders Todal Jenssen ved NTNU kallar stoda dramatisk, og meiner målinga stadfestar at diskusjonen om sperregrense og taktisk røysting kan verte avgjerande for valet i 2013. Les også: Borten Moe vil ha KrF i rødgrønn regjeringDet same seier valforskar Toril Aalberg ved same universitet. Hjå dei fire partia sjølv er det derimot inga uro å spore. KrF-leiar Knut Arild Hareide, Sp-nestleiar Ola Borten Moe, Venstre-nestleiar Ola Elvestuen og leiarkandidat Audun Lysbakken i SV trur alle på at dei skal klare å auke oppslutninga til det komande stortingsvalet. Les også: KrF utelukker ikke regjeringssamarbeid med Frp- Eg skjønar at diskusjonen om sperregrensa kjem opp no, men trur det er mildt sagt prematurt å spå at det ser slik ut om 18 månader, seier Borten Moe. - Vi såg ved valet i 2011 at KrF, Venstre og Sp gjorde det langt betre enn det meiningsmålingane før tilsa. Det er dynamikken i valkampen det, at dei mindre partia kjem meir fram i debattane, seier Hareide. Trur trenden kan snuastTodal Jenssen seier ingen av partia har grunn til å kjenne seg tryggje, men at det er SV som bør uroe seg mest for sperregrensa. - SV har dei har minst lojale veljarar. Partiet har tapt 40 prosent av 2009-veljarane til Ap, seier han. Det er tal Lysbakken vel å tolke optimistisk. - Får vi gjort SV-profilen tydelegare, trur eg vi har gode høve for å vinne attende veljarane som har røysta på oss før. Eg har sterk tru på at vi kan greie å snu trenden, og gjere eit betre val i 2013 enn vi gjorde i 2011, seier han. Både Lysbakken og Borten Moe seier dei ser gode høve for å vinne att fleirtalet for dei raudgrøne. Lysbakken poengterer likevel at han ikkje ser det som realistisk å samarbeide med KrF. Les hele saka i e-avisa eller i papirutgåva laurdag 11.februar

Annonse

Neste artikkel

Tidligere statsminister Kåre Willoch er død