Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KrF med tre krav til landbruksmeldinga

Krev endringar på sentrale punkt for å bli med på forlik om landbrukspolitikken.

KrF-representant Rigmor Andersen Eide la på Temakonferansen onsdag fram tre konkrete krav før dragkampen om landbruksmeldinga tek til på Stortinget.

Krev endringar på tre hovudpunkt

- Vi har tre konkrete punkt som vi vil endre i landbruksmeldinga. Vi vil ha eit punkt om at inntekta må utjamnast og gapet til andre samanliknbare grupper må reduserast. Vi vil også ha eit meir offensivt produksjonsmål og eit matproduksjonsmål som overstig folkeveksten. I tillegg krev vi at det blir tatt i bruk sterkare juridiske verkemiddel for å ta vare på matjorda, sa Rigmor Andersen Eide.

KrF-representanten sa seg einig i store delar av innhaldet i meldinga, men ho kritiserte også regjeringa for ikkje å ta i bruk sterke nok verkemiddel for å nå måla i landbruksmeldinga.

Kritiserte manglande jordverntiltak

- Den største trusselen mot økt matproduksjon er det massive presset mot matjorda og nedbygging av dyrka jord. Det er uforståeleg at regjeringa ikkje tek i bruk sterkare juridiske verkemiddel for å sikre matjorda for etterkomarane våre. Det er stikk i strid målet om auka matproduksjon, sa Andersen Eide til dei over 200 deltakarane på konferansen.

Trur på forlik med KrF

Både Sp og SV sa seg optimistiske med tanke på å få til eit forlik med KrF.

- Eg ser veldig fram til den vidare dialogen med KrF, og eg er veldig optimistisk til at vi skal bli einige, sa Irene Lange Nordahl (Sp).

Annonse

Ap: - Vil bli endringar

Saksordførar Arne L. Haugen (Ap) var litt meir avmålt.

- Vi skal ha reelle forhandlingar, og det som er heilt sikkert er at når vi er ferdig vil ikkje meldinga sjå ut akkurat som i dag, sa Haugen.

- 4 finansministre passar på

Han gav likevel små håp til dei som trur det kan kome svært store endringar.

- Vi har alt 4 finansministre som passer på Brekk. Det er ikkje utan vidare enkelt å endre innhaldet, sa Haugen til humring frå salen.

Han gjorde det seinare klart at han med uttalen om fire finansministre sikta til at det er både ein sitjande og ein tidlegare finansminister i regjeringa, i tillegg til statsministeren og hans nestkommanderande.

Neste artikkel

Norge importerer matvarer for 73 milliardar kroner 2019 - jordbruksvarer dominerer