Skatteendringane som blei innført frå nyttår då arveavgifta blei fjerna har gitt mange næringsdrivande betydeleg nettoauke i skattar og avgifter. Det viser ein rapport frå revisjonsfirmaet EY, før Ernst & Young.
– Vi vil absolutt ta med oss funna i denne rapporten vidare. Eksempla viser ein betydeleg akkumulert skatteeffekt over mange år. Det verkar rimeleg avklart at omlegginga går klart i minus for typiske tilfelle, seier finanspolitisk talsperson i KrF, Hans Olav Syversen, som er leiar i finanskomiteen på Stortinget.
I budsjettforliket blei KrF og Venstre einige med Høgre og Frp om at regjeringa skal vurdere skatteendringane for landbruket i revidert statsbudsjett, som blir lagt fram 14. mai. KrF skreiv følgjande i ein merknad: "Det er avgjørende å sikre at fjerningen av arveavgiften, som vil være et gode for mange, ikke blir en byrde for landbruksnæringen, som allerede sliter med utfordrende rammevilkår".
– Er kompensasjon aktuelt?
– Det er noko vi må sjå på. Eit einstemmig Storting bad om å få ei samla vurdering av skatteendringane. Nå må vi først sjå kva regjeringa kjem med, seier han.
Syversen seier det er viktig å sikre rekrutteringa til landbruket og at det er mange gode grunnar til at systemet var som det var.
– Er det aktuelt å gå tilbake til reglane som var før nyttår?
– Eg vil ikkje spekulere i kva resultatet kan bli. Først må vi sjå kva regjeringa legg fram, så får vi ta det derifrå, seier han.
"Det verkar rimeleg avklart at omlegginga går klart i minus for typiske tilfelle."
Finansdepartementet kunne fredag ikkje å gi kommentar til funna i rapporten. Finanspolitisk talsperson Svein Flåtten (H) ville vente med kommentarar til han har fått sett seg inn i rapporten. Finanspolitisk talsperson Terje Breivik (V) seier rapporten vil bli tatt med i vurderinga.
– Vil de kompensere tapa?
– Vi får vente å sjå kva regjeringa legg fram, seier Breivik.
Gjermund Hagesæter (Frp) seier tala viser at skattesystemet var gunstig før.
– Vi må vurdere kva vi skal gjere, men det viser at sjansen til å oppjustere inngangsverdien ved overdraging av eigedom var gunstig, seier han.
– Kan endringa bli reversert?
– I utgangspunktet står vi på det som er gjort. For dei fleste er endringane positive. At nokon kjem dårlegare ut er i utgangspunktet ikkje noko nytt, seier han.