Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Krev at regjeringa hindrar nedbygging av matjorda på Frøyland

Kampen mot nedbygging av nær 350 mål jord på Frøyland vekkjer stort engasjement på Jæren. Departementet vart møtt av rundt 100 aksjonistar på synfaringa onsdag. Sjå biletserie over.

Jordvernkamp: Eit 100-tals aksjonistar demonstrerte mot at 350 mål jordbruksjord på Frøyland på Jæren kan bli gjort om til bustadfelt. Blant dei oppmøtte midt i bilete frå venstre: Fylkesmann og tidlegare Sp-statsråd Magnhild Meltveit Kleppa, styremedlem i Norges Bondelag, Einar Frogner og ordførar i Time, Reinert Kverneland (H). Foto: Per Herikstad
Jordvernkamp: Eit 100-tals aksjonistar demonstrerte mot at 350 mål jordbruksjord på Frøyland på Jæren kan bli gjort om til bustadfelt. Blant dei oppmøtte midt i bilete frå venstre: Fylkesmann og tidlegare Sp-statsråd Magnhild Meltveit Kleppa, styremedlem i Norges Bondelag, Einar Frogner og ordførar i Time, Reinert Kverneland (H). Foto: Per Herikstad

Utbygginga av "Bybåndet Sør" vil leggje beslag på fleire tusen mål jordbruksjord i kommunane Sandnes, Klepp og Time på Jæren. Regionale styresmakter har set ned foten for ein liten flik av den gigantiske utbyggingsplanen og denne jordvernkonflikta har nå enda opp på regjeringas bord.

– Må få opp augene

Onsdag blei representantar frå departementet møtt av rundt 100 aksjonistar under synfaringa.

– Vi kan ikkje produsere mat på asfalt og i hagane til folk. Verda treng meir mat, sjølvforsyninga her i landet går ned og vi blir stadig fleire folk. Nå må politikarane snart få opp augene, seier Ståle Fjermestad, som er leiar i jordverngruppa og nestleiar i Time Bondelag.

Han viser til at det berre eit par kilometer frå området, på Lye, er store fjellareal som kan nyttast til bustadbygging.

– Der kan det byggjast i 10-15 år utan at noko dyrka jord går tapt. Med ein ny veg vil reisetida berre bli 2-3 minutt, seier han.

Byggjefeltet på Lye blei etablert for rundt 30 år sidan og husar i dag godt over 2000 personar.

Jordbruk i 4000 år

Annonse

Fjermestad legg ikkje skjul på at han håper massemønstringa mot utbyggingsplanane på matjorda på Frøyland, der det skal ha blitt drive jordbruk i 4000 år, får regjeringa til å hindre nedbygging.

– Vi satsar på at stort engasjement skal føre fram og at vi vinn kampen mot nedbygging, seier han.

– Paradoksalt å overkøyre eigaren

Ein av grunneigarane, Jostein Frøyland, har lang fartstid som mjølke- og storfebonde i tillegg til at han var styreleiar i Tine i mange år. Frøyland går sterkt imot nedbygging av matjorda. Fjermestad tykkjer det er paradoksalt om regjeringa skulle overkøyre grunneigaren.

– Regjeringa snakkar om å styrke eigedomsretten. Viss dei her tillet nedbygging, så går dei motset veg, seier han.

Neste artikkel

Ingen satser på norsk havremelk: – Finnene og svenskene er langt flinkere til å finne nye bruksområder