Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kravet i årets jordbruksoppgjer blir truleg på 2,2 milliardar kroner

Kravet i årets jordbruksoppgjer ligg an til å bli lågare enn i fjor, og bondeorganisasjonane vil truleg krevje mestparten over statsbudsjettet.

Fredag legg Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag fram kravet til årets jordbruksoppgjer.

Ifølgje kjelder i jordbruksmiljøet ligg det torsdag an til at kravet vil bli på 2,2 milliardar kroner.

Det vil i tilfelle bli 0,4 milliardar kroner lågare enn i fjor, då bondeorganisasjonane sette fram krav om 2,6 milliardar kroner meir i prisar og tilskot.

Krev svak vekst i matprisanePriskravet i fjor utgjorde berre 470 kroner per familie.

Etter det kjelder opplyser til Nationen ligg det an til at kravet frå bondeorganisasjonane vil utgjere eit endå mindre beløp per familie i år enn i fjor.

Blir haldne tilbake av svakt tollvernSterk importvekst og eit tollvern som etter kvart har begynt å lekke kraftig, gjer at bondeorganisasjonane etter det nationen.no forstår vil vere tilbakehaldne med krav om høgare matprisar.

Les også: Rekordvekst i import av meierivarer og storfe i 2011

Dermed vil truleg mindre enn 20 prosent av totalkravet vere i form av auka prisar.

Kan ta meir på prisar om tollvernet blir styrkaMesteparten av kravet vil truleg vere pengar over statsbudsjettet.

Grunnen til det er at det formelt ikkje blir forhandla om tollvern og tollsatsar i jordbruksoppgjeret.

Les også: Dobling i import av landbruksvarer på ti år

Annonse

Bondeorganisasjonane vil derimot truleg ikkje gå av banen for å vise til at delar av kravet om auka tilskot kan tas ut i form av auka matprisar om tollvernet blir styrka.

Ordknappe bondetopparBondeorganisasjonane ville torsdag ettermiddag overhovudet ikkje kommentere opplysingane til nationen.no.

- Eg har ingen kommentar, seier leiar Merete Furuberg i Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

- Men det stemmer at kravet vil liggje på omtrent 2,2 milliardar kroner?

- Derom tier skogane. Det kan du skrive, seier Furuberg.

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag er minst like ordknapp.

- Eg har ingen kommentar, seier han.

- Stemmer det ikkje med rundt 2,2 milliardar kroner?

- Pressekonferansen er i morgon føremiddag, seier Bjørke.

Neste artikkel

Desse landbruksprofilane fekk eit kraftig hopp i inntekta i fjor