Krav om forhandling om mjølkekvoter 
i Stortinget

Ein omstridd mjølkekvotereform skapar politisk strid. Stortingsfleirtalet krev at saka blir løfta ut av jordbruksoppgjeret.

Statens forhandlingsleiar Leif Forsell varslar at spørsmålet om større og færre omsetningsregionar for mjølkekvotar blir eit forhandlingstema i årets jordbruksoppgjer. Foto: Frank May / NTB scanpix
Statens forhandlingsleiar Leif Forsell varslar at spørsmålet om større og færre omsetningsregionar for mjølkekvotar blir eit forhandlingstema i årets jordbruksoppgjer. Foto: Frank May / NTB scanpix

Kvoteregionar for mjølk

Bønder kan kjøpe og selje (og leige ut) mjølkekvotar til kvarandre, men omsetninga kan berre skje innanfor kvar produksjonsregion. For kumjølk følgjer regionane fylkesgrensene, med unntak av Oslo og Akershus, som er ein region.

Ei arbeidsgruppe som blei set ned etter jordbruksoppgjeret i fjor skisserer tre alternative inndelingar med 9, 5 eller 3 regionar på landsbasis.

Bondeorganisasjonane og Tine går inn for å behalde dagens inn­deling. Finansdepartementet tilrår 
3 regionar medan Landbruks­departementet gjekk inn for 
5 regionar.

– Vi har fått eit klart mandat frå Stortinget. Omsetningsregionar for mjølkekvotar blir heilt klart eit forhandlingsspørsmål i året oppgjer, sa Forsell til Nationen etter at bondeorganisasjonane hadde lagt fram krava til årets jordbruksoppgjer.

I strid med KrF og Venstre

Kjære leser. Denne artikkelen er forbeholdt våre abonnenter.

Digital

Bestill

10 uker for 10 kr

Neste artikkel

Nytt prissjokk på gjødsel: Milliardsmell for bønder