Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kraftkar kåra til Nordens beste ost

Blåmuggosten Kraftkar frå verksemda Tingvollost vann søndag gull i kåringa av den beste osten i Norden i Sydfyn, Danmark.

Gullmedaljen vart tildelt i kategorien for beste blåmuggost. Kraftkar har dei to siste åra vunne sølv i same kategori. Ingen andre blåmuggostar har vore representert på pallen tre år på rad.

På andreplass kom osten Blå får frå Løgismose i Danmark, medan Blå Astrid frå Arberg i Danmark tok tredjeplassen.

Kraftkar har for tida også tittelen Noregs beste ost etter at han fekk tittelen «Årets ost 2009/2010» (ny kåring er i oktober) i regi av bransjeorganisasjonen Norsk Gardsost.

Annonse

Les også: Tysk varehus vil ha nordmørsk ost

- Viss norsk småskalaproduksjon skal ha ei framtid, må produkta vere av internasjonal kvalitet. Denne prisen beviser at det er mogleg å lage god ost også i Noreg, uttalar Kristin Waagen, dagleg leiar i Tingvollost, i ei pressemelding.

Tingvollost i Møre og Romsdal er eit familiedrive gardsmeieri. Herifrå vart det i 2010 produsert ti tonn kvit- og blåmuggostar. All produksjon er basert på kumjølk frå eigne kyr. Kundane fordeler seg frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord. (©NPK

Neste artikkel

Urban birøkt og nybygd honningfabrikk på Hadeland