Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kraftig nedgang i jordbruksarealet viser SSB-tal for 2012

70.000 mål jordbruksjord bygd ned eller brakklagt i løpet av det siste året.

Føreløpige tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) viser ein sterk nedgang i jordbruksarealet det siste året.

Fell under 9,9 millionar dekar

Tala, som er frå bøndenes søknader om produksjonstilskot i sommar, viser at jordbruksarealet i drift for første gong er på under 9,9 millionar dekar.

Samla forsvann rundt 70.000 dekar i år, medan nedgangen var på 69.000 dekar i fjor.

Nedgangen kjem som følgje av nedbygging av matjord i sentrale jordbruksområde og brakklegging og gjengroing av jorda i distrikta.

433.000 dekar borte på 10 år

Jordbruksarealet var på sitt største i moderne tid i 2002, då det samla arealet var på 10.324.851 dekar.

Sidan den tid har pilene peika nedover, og spesielt etter 2007 har den årlege nedgangen var stor.

Les også: - Vi treng 2 millionar dekar meir matjord

Med årets nedgang har 432.925 dekar jordbruksjord blitt tatt ut av drift netto sidan toppåret for vel 10 år sidan.

Etter som det framleis blir nydyrka ein del jord i ein del område er bruttoavgangen av jordbruksjord endå større.

Størst nedgang i fulldyrka jord

Nedgangen i fulldyrka jord er endå kraftigare enn nedgangen i jordbruksjord samla sett.

Det fulldyrka arealet hadde ein topp alt i år 2000.

Annonse

Les også: Seks av ti vil heller verne matjord enn utmark

Sidan 2002 er nedgangen på heile 572.644 dekar, eller 6,6 prosent, til 8.133.526 dekar fulldyrka jord.

Kornarealet skrumpar inn

Nedgangen i arealet i år er fordelt på 46.000 dekar åker og 24.000 dekar eng.

Kornarealet gjekk ned 52.000 dekar til 2,93 millionar dekar samla sett. Dei fleste kornslag hadde nedgang, med unntak av bygg, som auka arealet med 5 prosent.

Les også: Sprikande tal på kor sjølvforsynt Noreg eigentleg er

Bygg utgjer i dag 53 prosent av kornarealet her i landet.

SSB-tala viser også at det har blitt rundt 6 prosent færre mjølkebønder her i landet i løpet av det siste året.

Vekst i økologiske bønder

Medan det blei 865 færre jordbruksbedrifter i løpet av året, og samla tal er på rett under 44.000, vart det 55 fleire jordbruksbedrifter med økologisk drift.

Jordbruksarealet som blir drive økologisk var også nær uendra på rundt 469.000 dekar.

Les meir om nedgangen i jordbruksarealet og endringane i dyretalet og jordbruksbedrifter i papirutgåva av Nationen i morgon.

Neste artikkel

Nesten 400 personer er nominerte til Årets unge bonde