Tal frå Helsedirektoratet viser at den norskeproduserte delen av matvareforbruket var nede i 43 prosent for 2012. Det er den lågaste sjølvforsyningsgraden på fleire tiår, og nedgangen frå året før er på nær fem prosentpoeng. Utrekninga tek ikkje omsyn til importen av fôrråvarer, som har auka kraftig til både fisk og husdyr. Tala går fram av rapporten «Utviklingen i norsk kosthold» for 2013.
Helsedirektoratet skriv at sjølvforsyningsgraden har vist ein nedgåande trend dei siste åra, og at nedgangen det siste året i hovudsak kjem av mindre norskprodusert matkorn på grunn av variasjon i avlingar og kvalitet.
– I 2012 var selvforsyningsgraden «kun» på 43 prosent, noe som i stor grad skyldes lav andel norskprodusert matkorn og lav andel av norskproduserte poteter, står det i rapporten.
Sjølvforsyningsgrad
Den norskproduserte delen av matforbruket, sjølvforsyningsgraden, var 43% i 2012, ned frå 48 % i 2011.
Både jordbruksvarer og fisk er med. Det er ikkje tatt omsyn til eksport av mat eller import av fôr.
Korrigert for import av fôrråvarer til dyr åleine går sjølvforsyningsgraden ned 3 prosentpoeng.
Dekningsgraden inkl. eksport var på 84 %, ned frå 86 % året før. Import av fôrråvarer til fisk, som var på 83 % i fjor, er ikkje trekt frå.
KrF ber statsråden ta grep
Tala vekkjer sterke reaksjonar på Stortinget. KrF seier nedgangen må få konsekvensar.
– «Dette er alarmerende og stikk i strid med Stortingets intensjoner. Det viser med all tydelighet at vi må ta hele landet i bruk og alle tilgjengelige ressurser for å øke matproduksjonen på norske ressurser. Jeg forventer at statsråden tar disse tallene på alvor og at vi sammen tar de nødvendige grepene for økt matproduksjon», skriv næringspolitisk talsperson Line Henriette Hjemdal i KrF i ein sms.
Les også: Står samlet om matmål
Landbrukspolitisk talsmann Knut Storberget i Ap seier tala viser at beredskapssomsyn må vektleggjast tyngre.
– Det viser kor viktig det er å bidra til å auke vår eigen matproduksjon, og der er vi avhengige av å få med oss kornproduksjonen. Dei som tek til orde for at ein berre kan importere, dei har ei stor beredskapsmessig utfordring, seier han og kallar det påfallande at landbruksministeren verkar å vere mest opptatt av å leggje til rette for dei som vil slutte som bønder og fjerne verkemiddel.
Les også: 70 prosent av fiskefôret frå kornråvarer
– Viser tala at de sjølv ikkje har gjort nok?
– Den førre regjeringa gjennomførte mykje for å auke produksjonen, spesielt i det siste oppgjeret. Så er det slik at ein også stadig må revurdere situasjonen ut frå tala som kjem, og behovet for å auke matproduksjonen blir ikkje mindre påtrengjande av dei nye tala, seier Storberget.
«Jeg forventer at statsråden tar disse tallene på alvor og at vi sammen tar de nødvendige grepene for økt matproduksjon.»
Les også: Fortsetter kampen for å bevare matjord på Ørland
At 83 prosent av fiskefôret blir importert og storparten er kornråvarer, som Nationen skreiv i går, seier Storberget viser kor sårbar matforsyninga er om noko skulle skje globalt. Han seier det òg er eit argument for å auke sjølvforsyningsgraden.
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) vil ikkje kommentere saka utover å vise til at regjeringa har mål om ei høgast mogleg sjølvforsyning av mat ut frå beredskapsomsyn og at landbrukspolitikken skal medverke til auka matproduksjon.
Les også: Åtvarar Listhaug mot å fjerne priskontrollen på landbrukseigedom
Bondetoppar krev tiltak
Bondeorganisasjonane seier tala viser at økonomien må styrkast.
– Nedgangen er alarmerande og stikk i strid med det eit einstemmig Storting går inn for. Næringskomiteen seier det skal satsast på auka matproduksjon og auka sjølvforsyning. Den ansvarlege statsråden må ta signala på alvor og gjennomføre nødvendige tiltak i årets jordbruksoppgjer, seier leiar Merete Furuberg i Småbrukarlaget.
Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag seier nedgangen i sjølvforsyninga er urovekkjande.
– Det må leggjast til rette slik at ungdommen vil satse. Det må løne seg å vere ein dyktig bonde, å bruke jorda og auke produksjonen, seier Bjørke.
Bondeorganisasjonane seier det er tankevekkjande at det blir brukt så mykje importerte råvarer i fiskefôret og at politikken må vektleggje bruk av norske ressursar i matproduksjonen for å betre den reelle sjølvforsyningsgraden.
Mangedobla fiskeforbruk gir små utslag, ifølgje forskar
Sjølv om fiskeforbruket skulle bli femdobla frå dagens nivå, vil sjølvforsyningsgraden ifølgje fagfolk auke med mindre enn ti prosentpoeng. Les heile saka i Nationens e-avis. Den kan du kjøpe her.