Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kommunane i Aust-Agder får svar om byte av fylke i neste veke

Regjeringspartia greidde ikkje bli samde seg i mellom om søkjarkommunane skal få innvilga overgang frå Aust-Agder til Vest-Agder. Det er venta at dei vil bestemme seg i løpet av neste veke.

Stortingsgruppene til regjeringspartia vil fyrst bestemme seg i neste veke om kommunane Birkenes, Evje og Hornnes, Iveland og Lillesand får byte fylke. Dei fire kommunane søkte Kommunal- og regionaldepartementet (KRD) om overgang frå Aust-Agder til Vest-Agder etter at Aust-Agder stemte nei til å slå saman agderfylka ved førre kommuneval. Greidde ikkje konkludereOnsdag møttest partigruppene i Ap, Sp og SV for å drøfte saka, men dei greidde ikkje kome fram til ein konklusjon. - Me vil fatte vedtak i neste veke. Det er gruppemøte onsdag, og eg trur me skal greie å konkludere då. Det er i alle fall det me har ambisjonar om, seier stortingsrepresentant Heidi Greni (Sp) i kommunal- og forvaltningskomiteen til nationen.no. Les også: Ordførarar kjempar for å behalde nabokommuanne i Aust-AgderHo tør ikkje spå kva Senterpartiet vil tilrå. - Det var delte meiningar i gruppa, så eg kan ikkje gi eit kvalifisert svar på kva me vil lande på, seier Greni. Sjølv har ho ikkje bestemt seg. - Det er veldig gode argument for begge løysingar. Det som gjer det så komplisert er at det er snakk om å mange kommunar som har søkt samstundes. Det har vore flytting av kommunar mellom fylke før, men då fekk det ikkje så store konsekvensar for nabokommunane, seier Greni. - Ap mot neiDrøftingane i partigruppene er hemmelege. - Hadde me måtte stemme i dag, trur eg fleirtalet hadde landa på nei til overflytting, seier ein av Arbeidarpartiet sine stortingsrepresentantar ifølgje Fædrelandsvennen. Ifølgje avisa er stemninga i Ap at kommunane bør få nei på søknadene om å byte fylke. Også Ap har gruppemøte onsdag, og det er venta at dei vil ha ei innstilling klar då. - Det er ei krevjande sak. Det handlar om identitet og det å høyre til ein stad. Saka er viktig for veldig mange, seier kommunalpolitisk talsmann Eirik Sivertsen til nationen.no. - Ikkje fylkessamanslåingIfølgje Fædrelandsvennen vil mykje bli avgjort i løpet av helga. Til måndag skal partia ha klart eit felles gruppenotat. Der vil det også ligge eit forslag til vedtak. - Det vil bli eit ja eller nei til søknadene. Det vil ikkje vere aktuelt å vurdere fylkessamanslåing i denne omgangen, seier leiar Aksel Hagen (SV) i kommunalkomiteen på Stortinget. Les også: Rapport kan gi fylkesbyte for kommunar i Aust-AgderDet er Kommunaldepartementet som avgjer saka på bakgrunn av tilrådinga frå regjeringspartia. Ifølgje kommunalminister Liv Signe Navarsete er det håp om å få eit endeleg svar før årsskiftet.- Eg håpar me kan lande saka før jul, seier ho til nrk.no.Kommunaldepartementet vil levere ein proposisjon til Stortinget med eit forslag til vedtak. I siste instans skal Stortinget stemme over saka, sidan ei eventuell flytting vil få konsekvens for fordelinga av stortingsmandat mellom Aust-Agder og Vest-Agder. Les meir om saka i e-avisa til Nationen eller i papirutgåva torsdag 29. november.

Annonse

Neste artikkel

Går hardt ut mot strømtiltak til egen regjering: – Folk vil oppleve høyere strømpriser