Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjersti Toppe kjenner seg ført bak lyset om fødestover

Helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Sp stiller spørsmål ved prosessen som leidde til at regjeringa vedtok å avvikle forsterka fødestover.

- Eg kjenner meg til ein viss grad ført bak lyset.

Det seier helsepolitisk talsperson Kjersti Toppe i Senterpartiet etter at det nyleg vart kjent at Statens helsetilsyn ikkje har statistisk grunnlag for åtvaringane om dei forsterka fødestovene, som tilsynet sende Helsedepartementet i desember 2010.

Då regjeringa vedtok å avvikle ordninga med forsterka fødestover 1. april i år som følgje av nye kvalitetskrav frå Helsedirektoratet, synte helseminister Anne Grete Strøm Erichsen (Ap) til at råda frå fleire fagmiljø på dette punktet var eintydige. No stiller Toppe spørsmål ved vedtaksprosessen.

- Dei nye opplysningane fortel meg at vi ikkje kan stole på dei fagleg råda vi får presentert. Bakgrunnstala har ikkje vore kjende for oss før, seier ho.

- Politisk umogleg å omgå

Sp-leiar Liv Signe Navarsete har tidlegare vore tydeleg på at Senterpartiet stod åleine i kampen for å oppretthalde det eksisterande tilbodet ved dei forsterka fødestovene under regjeringsforhandlingane. Navarsete ville ikkje kommentere saka torsdag, og ei heller fredag, men ho stadfestar at bakgrunnsstatistikken er ny for henne.

Les også: Folkerørsla for lokalsjukehusa med satirisk angrep på sjukehuspolitikken

Toppe seier ho reagerer på at Helsetilsynet gjekk ut så sterkt som det gjorde i sine åtvaringar fire månader før vedtaket i regjeringa.

- Direktør i Helsetilsynet, Lars E. Hanssen, skapte heilt klart eit inntrykk av at det ikkje var fagleg forsvarleg med forsterka fødestover. Når både Helsetilsynet og Helsedirektoratet stod så knallhardt på det same, var det politisk umogleg å kjempe for å oppretthalde desse, seier Toppe.

Les også: Borgerlig firerfront vil lovfeste kreftrettigheter

- 1. april i år gjekk regjeringa inn for å avvikle ordninga med forsterka fødestover, som betyr at gynekologstillingar vert fjerna frå fødestovene.

Annonse

Ho påpeikar at ho aldri vart overtydde om at det dei sa var rett, men at Sp måtte gi seg nettopp fordi dei faglege tilrådingane var vanskelege å kome forbi.

- Eg synest det er bra at tilsynet og direktoratet påpeikar at det var for dårlege rutinar på dei forsterka fødestovene, men det er pussig at svaret då vert å leggje dei ned. Det burde heller setjast inn tiltak, seier Toppe.

NRK Sogn og Fjordane har vorte gjort kjent med at nedlegginga av dei forsterka fødestovene var basert på det som vart kalla eintydige faglege råd frå Helsedirektoratet, Helsetilsynet, Den norske jordmorforeining og Norsk gynekologisk foreining.

Hanssen avviste

Hanssen avviste til Nationen i går at han har gjeve råd eller delteke i debatten om organisering av fødetilboda på grunnlag av brevet.

- Vi har berre synt til det Helsedirektoratet har sagt om den saka, seier han.

Les også: Slår alarm om legemangel i distrikta

Den norske jordmorforeining støttar seg også på kvalitetskrava frå Helsedirektoratet.

- Vi har ikkje gjeve råd om at dei forsterka fødestovene skal leggjast ned. Det både vi og Norsk gynekologisk foreining har gjort er å slutte oss til dei nye kvalitetskrava til fødselsomsorgen som seier at vi i framtida skal ha eit tredelt system med fødeavdelingar, kvinneklinikkar og fødestover. Vi ønskjer at det skal vere kvalitet, men tilrår ikkje nedlegging av ein drøss med fødestover, seier leiar Marit Heiberg i jordmorforeininga.

Les også: Dobbelt så mange korridorpasienter i Helse Vest

Neste artikkel

Erna Solberg om Vedums sentraliseringskritikk: – Dette blir fiksing med tall