Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kina stengjer ute heil norsk laks

Frå og med onsdag vil kinesiske styresmakter truleg forby import av heil norsk laks av frykt for virus.

Laks. Foto: NPK
Laks. Foto: NPK

Kinesiske styresmakter krev at det må sertifiserast at importlaks er fri for det såkalla ILA-viruset, for å hindra smitte til kinesiske bestandar, skriv IntraFish.

– Det er krevjande å gje ein slik garanti, fordi det òg krevst garanti for at laksen ikkje har ILA-varianten HPR0, som er eit relativt vanleg virus i europeiske farvatn, seier seksjonssjef for eksport og import i Mattilsynet Grethe Bynes til nettstaden

Mattilsynet meiner at viruset ikkje kan smitta kinesisk fisk. Dette har kinesiske styresmakter ikkje lytta til og dermed går det mot importstopp.

Annonse

Forbodet vil ikkje gjelda lakseprodukt utan hovud, gjeller og innvollar. ©NPK

Neste artikkel

Sandberg vil ha ny fiskerikommisjon etter brexit