Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kald sommar får salet av is og grillmat til å stupe

Ein kald mai og juni har ført til opp mot 20 prosent nedgang i salet av grillmat og is. Nå håper bransjen på ein varm og god sommar.

Grillvêr: Line Grønneberg Moen (til venstre) og Sissel Kind Gundersen nytta godvêret tysdag til å grille pølser for SFO-barna på Nanset skole i Larvik.  Foto: Ketil Blom Haugstulen
Grillvêr: Line Grønneberg Moen (til venstre) og Sissel Kind Gundersen nytta godvêret tysdag til å grille pølser for SFO-barna på Nanset skole i Larvik. Foto: Ketil Blom Haugstulen

Medan forsommaren i fjor førte til ein kraftig oppgang i salet av grillmat og iskrem, har det vore lengre mellom godvêrsdagane dei siste månadene. Meteorologisk institutt kan melde at snitttemperaturen i det meste av Sør-Norge har vore mellom to og tre grader lågare i mai og juni i år enn same periode i fjor. Det har fått følgjer for hungeren etter grillmat og iskrem.

– Det er ingen tvil om at det dårlege forsommarvêret har påverka salet av typiske sommarprodukt som grillmat, solkrem, iskrem og eingongsgrillar. Særleg juni dreg ned. Til dømes selde vi rundt tjue prosent mindre grillpølser og spesialpølser i denne perioden samanlikna med i fjor, seier kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen.

Landets største daglegvarekjede melder òg at salet av eingongsgrillar og grillkol er 50 prosent lågare enn forsommaren i fjor.

Nedjusterer salet

I fjor førte det gode grillvêret til rekordarta sal av grillmat. Nortura kunne i juni melde om seks prosent salsvekst for svinekjøtt og etter fleire år med overproduksjon av svinekjøtt var lagra tømt ved utgangen av juli
i fjor. I år er tendensen motsett.

– Salsprognosen for gris er justert ned på grunn av forventingar til grillsesongen. I marsprognosen føresette vi ein salsvekst på 1,5 prosent i andre tertial målt mot 2014. I juniprognosen er det nedjustert til ein nedgang på 0,1 prosent, seier marknads- og prognosesjef Hilde-Kari Skarstein i Nortura totalmarked, som er marknadsregulator for kjøtt.

Les også: Gromt grillvær 
gledelig for 
grisebønder

Trass i nedjustert sal ventar Nortura vekst i salet av svinekjøtt for året samla og balanse mellom produksjon og sal.

– Vêret har stor betydning for salet av grillmat. Så langt ser vi eit avdempa sal av svinekjøtt, men det er fleire faktorar som spelar inn. Vi ventar balanse på svinekjøtt i år og sommaren har så vidt begynt, seier direktør Jakob Simonhjell i Nortura totalmarked.

Rema 1000 melder òg om mindre sal av grillmat. Coop melder om ti prosent salsvekst for deira eigen grillserie målt i kroner.

– Folk har tydelegvis tatt på seg boblejakka og grilla i veg, skriv kommunikasjonssjef Harald Kristiansen i Coop.

Lar seg ikkje stoppe

Sissel Kind Gundersen og Line Grønneberg Moen er blant dei som ikkje har latt ein kjøligare forsommar leggje ein dempar på grillstemninga. Tysdag grilla dei pølser saman med barna på skulefritidsordninga (SFO) på Nanset skole i Larvik.

Saken fortsetter under avstemningen.

– Eg har ikkje latt meg stoppe av vêret i år og eg har grilla fleire gonger. Mogleg det har blitt noko mindre enn i fjor, men det er ikkje så stor forskjell. Det er noko som heiter telt og veranda òg, seier Gundersen.

Ho legg til at ho også har ete mykje is i sommar.

Ser fram til godvêret

«Om vêret betrar seg, vil vi nok merke det godt på salet.»

Elin Ytterdahl Tohje, 
informasjonsdirektør i Nortura
Annonse

God vêrmelding eit stykke framover for delar av landet fører til at både produsentar og matvarekjeder ventar stor vekst i salet av grillmat.

– Nå ser det jo endeleg ut til at vi får litt sommar mange stader, så vi ser optimistisk på juli og satsar på masse godt grillvêr, seier Kine Søyland i Norgesgruppen.

Nortura, som har laga 2600 tonn pølser sidan april, er klar.

– Om vêret betrar seg, vil vi nok merke det godt på salet, seier informasjonsdirektør Elin Ytterdahl Tohje, som kan fortelje at salet av grillmat utanom pølser har gått ned med 135 tonn mot i fjor.

Les også: Grillvêret gir tomme lagre for svinekjøtt

Etter ein kjølig start på sesongen håper landets to største iskremprodusentar på varmare sommarvêr.

Hennig-Olsen Is AS melder om åtte prosent nedgang i issalet i mai.

– Det er først og fremst innan varegruppa småis vi merkar det dårlege vêret. Her er tilbakegangen ca. 18 prosent, skriv salsdirektør John Henry Kjellesvik i ein epost.

Sel mindre småis

Dei to første vekene av juni skal òg særleg ha gitt lågare sal. Ifølgje Kjellesvik ser salet så langt ut til å gå ned rundt 15 prosent i volum mot fjoråret. Det fører til at lager og produksjon må tilpassast.

Kjellesvik håper på varmare sommarvêr framover.

– Det er to sommarmånader igjen av sesongen. Med godt vêr i juli og august kan sommarsalet fortsatt bli bra, skriv han.

Diplom-Is AS, som er eigd av Tine, melder òg at kaldt
vêr har gitt eit lågare issal.

– Samanlikna med den flotte sommaren i fjor har vi hatt lågare sal, men dei største og beste is-månadene ligg jo framleis framfor oss, skriv marketing- og produktutviklingsdirektør Anne Borgen Sturød i Diplom-Is i ein epost.

Ho seier bransjetal viser redusert iskremsal til nå i år.

– Så langt har salet av is i butikk vore 13,5 prosent lågare enn i fjor. Vi har derfor noko meir is på lager i år enn i fjor, men vi er klar til å møte det flotte vêret som er meldt, skriv ho.

Neste artikkel

Dette er årets grilltrender