Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordvernet må styrkast!

Møre og Romsdal toppa verstingliste med å ha omdisponert og bygd ned 735 dekar matjord i 2017. Dette er pinleg.

Kolbjørn Gaustad, leiar i Jordvern Møre og Romsdal. Foto: Janne Grete Aspen

Fylkestinget i Møre og Romsdal har vedteke ei målsetting om at nedbygging av dyrkajord ikkje skal vere meir enn 200 dekar årleg. Med veksande folketal og ei sjølvberging på under 40 prosent er vi med på å sage av den greina vi sjølv sit på, med å akseptere ei slik utvikling.

Jordvern Møre og Romsdal arbeider for å skape ei større forståing for at framtidige vegar, busetting og næringsbygg vert bygd på uproduktive areal, som er 97 prosent av landarealet vårt. For på den måten å ta vare på matjorda vår. Som berre utgjer 3 prosent av arealet.

Utfordringa er slik: Jordvern er eit av områda der to omsyn møtes. Det eine er lokaldemokratiet og det andre er jordvernet. Vi har nasjonale føringar som seier at matjord er ein nasjonal ressurs og skal forvaltast nasjonalt. Følgjer vi denne føringa, seier vi at det å bygge ned dyrka mark og svekke livsgrunnlaget for komande generasjonar ikkje er berre lokaldemokratiet sitt ansvar.

Difor har jordvernet ei utfordring om ein raskt skal få til ei endring til det betre. Vi ønskjer å skape ei større forståing for kor viktig jordvernet er.

I dag er det lokaldemokratiet som vedtek alle dispensasjonar og reguleringsplanar, som gjev løyve til å omdisponerer og bygge ned dyrkajord. Saksgangen i slike saker er endre slik at rekkjefølgjekravet, som er i dag, gjer at jordlovas vern vert sett ut av kraft.

Annonse

Det er plan- og bygningslova som set jordlova ut av spel og gjer det lovleg å bygge ned matjorda. Difor må lokaldemokratiet styrkast på den måten at ein løfter jordvernsaker opp på eit fylkesnivå, som får ansvaret for dispensasjonane i jordlovsaker.

Mange lokalpolitikarar vil sette pris på ei slik endring. Dei er i praksis utsett for eit stort press om å gå inn for nedbygging for å sikre busetting, vegbygging og arbeidsplassar.

Raskare saksgang Ved ei slik omlegging vil jordvernet verte avklara før kommunestyret skal gjere sitt endelege vedtak. Dersom svaret frå fylket er Ja vil ein sleppe fleire rundar etterpå.

Ein tek på den måten ikkje frå kommunane ansvaret for arealplanlegginga. Den ligg fast, men ein snur på saksgangen slik at ein får ei sentral godkjenning før dei lokale vedtaka vert fatta.

Statens vegvesen er ein annan stor nedbyggar av dyrkajord. Det er mitt inntrykk at dei har eit stykke veg å gå før dei har ei akseptabel haldning til å ha respekt for å ta vare på matjorda. Dei planlegg nye 4-felts vegar med høgare fart, utan omsyn til om ein får mat dit ein kjem.

Eg har ikkje funne noko om jordvern i dei nye retningslinene for vegbygging i Statens vegvesen. Mitt inntrykk er at det er når vegen er ferdig og oppgjeret skal fastsettast for veggrunnen, at ein skil mellom kva som var dyrka og udyrka jord og slik kan det ikkje fortsette i framtida.

Har du noe på hjertet?

Neste artikkel

Kvote til nedlegging eller drift?