Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Jordvern blir nedprioritert viser forskingsstudie

Ein studie av bynær jordforvaltning viser at det meste blir prioritert framfor jordvern, og det er den beste matjorda som går tapt. Forskarar etterspør sterkare tiltak.

Dei ti siste åra har nedgangen i fulldyrka jord her i landet vore på over 570.000 mål. Ein del av jorda går tapt for alltid gjennom nedbygging, der bustader, industri og infrastruktur tek rundt to tredelar av det nedbygde område.

Tirsdag var forskarar samla for å dele funn frå eit større studium av jordforvaltning i bynære område. Jordforvaltninga i dei to bykommunane Sandnes og Sarpsborg er gått etter i saumane. Forskarane konkluderer med at jordvern ikkje blir prioritert høgt.

Les også: EU åtvarar mot jordtap og nedbygging av matjord

- Kommunane seier at jordvern er viktig, men i bynære område blir dei fleste andre omsyn som næringsutvikling, service, gode bumiljø, friluftsliv og kortare transport prioritert framfor omsynet til jordbruksjorda. Om kommunane hadde fått bestemme heilt fritt, så ville dei nok ha bygd ned endå meir jord, seier professor Marie Stenseke ved institutt for kulturgeografi og økonomisk geografi ved Göteborgs Universitet.

- Andre interesser sterkare

Saman med doktorgradsstudent Elin Slätmo har professoren sett på drivkreftene bak prosessane.

- Andre interesser står sterkare enn verneinteressene. Det kan også vere at økonomiske drivkrefter spelar inn i form av at det er billigare og lettare å byggje på jordbruksjorda, utan at vi har sett spesielt på det, seier Slätmo.

Les også: Nordmenn legg beslag på mest jord per innbyggjar i Europa

På brukarnivå viser forskarane til at jordprisane er så høge i sentrumsnære område at det nærast framstår som økonomisk uansvarleg for bonden ikkje å selje jorda om han skulle få tilbod. På regionalt og statleg nivå er verneinteressene sterkare.

- Men staten sender òg ut mange ulike signal, og overlet gjerne til kommunane å prioritere mellom krava, seier Stenseke, som viser til at jordverninteressene kan stå sterkare i den kommunale planlegginga om vern av matjord blir kopla med vern av biologisk mangfald, vern av kulturmiljø og friluftslivsformål.

Byter god med dårleg jord

Annonse

Seksjonsleiar for jordbruk Arnold H. Arnoldussen i Norsk institutt for skog og landskap har sett kor nedbygginga skjer i kommunane Sandnes og Sarpsborg.

- Det meste av nedbygginga skjer rundt tettbygd strøk. Der er matjorda under eit enormt press. Jordkvaliteten blir ikkje teke særleg omsyn til. Andre faktorar overstyrer, seier Arnoldussen.

Undersøkinga av omdisponeringa av matjord i dei to kommunane i vel 20 års tid fram til 2003 viser stor nedbygging. I Sarpsborg blei 7,63 prosent av jordbruksjorda nedbygd i perioden, medan 13,5 prosent var nedbygd i Sandnes. I sona inntil 500 meter frå tettbygd strøk blei rundt 20 prosent av jorda bygd ned i perioden. Opp mot 90 prosent av den nedbygde jorda var av god kvalitet, men ein stor del av nydyrkinga gav jord av dårleg kvalitet.

Les meir i Nationens papiravis eller eavis 28. november. Eavisa får du kjøpt her.

Her finn du nokre av innlegga på konferansen:

Arnoldussen og Eiter

Slätmo og Stenseke

Stenseke og Slätmo

Fystro

NIKU

Neste artikkel

Her vil de bygge leiligheter på gammel industritomt istedenfor matjord